Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Status for koronavaksineringa neste veke, veke 16

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. april 2021

Neste veke, veke 16, blir det vaksinering på Surnadal kulturhus fredag 23.april. Målgruppa neste veke er Gruppe 4 (65 – 74 år) og personar 18 – 64 år med sjukdommar som er  spesielt sårbare for smitte.

Surnadal kommune vaksinerer framleis kun med vaksinen frå BioNTech/Pfizer. Det er ikkje meldt om alvorlege biverknader etter vaksinering med denne vaksinetypen i vår kommune. 

Koronavaksinering fredag 23. april

Bruk inngangen du får oppgjeve på SMS ved innkalling til vaksinering, når du kjem til Surnadal kulturhus for vaksinering. Møt maksimalt 15 minutt før oppsett tid.

Hugs å ta med eigenerklæringsskjemaet du fekk tilsendt i posten og legitimasjon. Dersom du ikkje har eigenerklæringsskjemaet, kan du laste det ned frå Eigenerklæringsskjema

Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Du får automatisk innkalling og påminning når du skal ta dose 2, 6 veker etter første dose.

Publisert: 13. april 2021, 12:04