Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trinn 1 i gjenopninga gjeldande frå fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. april 2021
I ettermiddag kom regjeringa med nye nasjonale smittevernreglar i samband med gjenopninga av samfunnet. Frå fredag 16. april blir det lempa på nasjonale tiltaka, i tråd med Trinn 1 i regjeringas si plan for gjenopning.Takka vere god etterleving av strenge smitteverntiltak i påska, er smittetrykket nasjonalt no på eit nivå som gjer det mogleg å gjenopne samfunnet litt igjen.
Det er likevel mange kommunar i Norge som framleis har strengare tiltak, Også i vårt eige fylke er det kommunar som no må handtere krevjande smitteutbrot med mutert virus.Mykje blir no slik vi hadde det i vår kommune før det kom nasjonale innstrammingar før påske. Vi har god grunn til å gle oss over det som no blir mogleg å få til lokalt, sjølv om vi ikkje kan slappe heilt av med tanke på smittevern:

Sosialt

  • Inntil 5 gjestar i private heimar, men ein kan vere fleire ved medlemmar frå to husstandar
  • Private samankomstar (med personar frå same kommune):
    • Innandørs i leigde lokale: Maks 10 personar (unntak for barnebursdag i kohort med vaksne som hjelper til).
    • Utandørs: 20 personar.
  • Barn kan ha besøk av kohorten sin.
  • Anbefalinga om 2 meter avstand går tilbake til anbefaling om 1 meter.
  • Skjenking er lov til kl. 22.00, men krev at det er matservering.

Arrangement

  • Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar bør avlysast/utsettast.
  • Arrangement som samlar personar frå same kommune, kan gjennomførast slik:
    • Innandørs – Inntil 100 personar med faste tilviste plassar (t.d  kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester).
    • Utandørs: Inntil 200 personar, men inntil 200 personar x 3 kohortar dersom publikum sit på faste tilviste plassar (t.d tribuner på fotballkamp).

Breiddeidrett og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar. Unntak fra 1 meters regelen.
  • Innandørs; Inntil 50 barn og unge under 20 år frå same kommune, utan faste tilviste plassar.
  • Vaksne blir anbefat å ikkje drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne drive organisert trening dersom det er mogleg å halde god avstand.
  • Barn og unge under 20 år som driv med aktivitetar som ikkje inneber nærkontakt, kan delta i arrangement utandørs som samlar deltakarar frå same krins eller region der region brukast som geografisk inndeling.

Reising og arbeid

  • Innanlandsreiser: Opprettheld anbefalinga om å unngå unødvendige innanlandsreiser og unngå bruk av kollektiv transport dersom dette er mogleg. Det viktigaste er å unngå reiser til og frå område med mykje smitte.
  • Utanlandsreiser: Like strengt. 
  • Anbefalinga om heimekontor: Anbefalinga om heimekontor gjeld for alle som har moglegheit for dette.

Kva med munnbind i Surnadal?

  • Det er ikkje så dumt å fortsette med munnbind der det er mykje folk samla og vanskeleg å halde 1 meter avstand til andre. Elles følgjer du råd om smittevern der du er.
  • På offentleg transport er munnbind eit krav.

Ved å trykke på lenka Trinn 1, 2, 3 og 4 frå regjeringen.no, finn du meir detaljert informasjon om dei ulike trinna i gjenopningsstrategien frå regjeringa. 

Publisert: 13. april 2021, 18:30