Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaNo frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song.
Les heile sakaTodalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet.
Les heile sakaSurnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga.
Les heile sakaI samband med vinterferien neste veke, har Surnadal kino sett opp seks ekstra framsyningar. Framsyningane vil vere både på dag- og kveldstid. Allereie i kveld er det premiere på filmen «Wonder Woman 1984», som er ein film der premieren har vore utsett gong på gong, men som no altså endeleg får premiere.
Les heile sakaLeif Arne «Laffen» Ness (52) frå Bjørnrud i Todalen er materialforvaltar i Sandefjort Fotball som spelar i Eliteserien. Vi hadde eit intervju med Leif Arne i oktober 2020, eit intervju du kan lese her: Lidenskapen som vart levebrød No har SFTV ved Tore Holden og Simen Hem laga eit portrettintervju med Leif Arne.
Les heile sakaLaurdag inviterer Surnadal kunstforening til opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i kulturhuset. Det er i år kunstnaren Jacoba Maria «Coby» Omvlee er årets utstillar og som opnar laurdag 20. februar kl 13. men det skjer også meir i Finstua denne dagen, for Surnadal kunstforening fyller nemleg 40 år, og dermed er det no klart for å presentere jubileumsskriftet som Eivind Hasle har ført i pennen – eit flott innbunne hefte med 60 sider historie om lagets aktivitetar gjennom 40 år.
Les heile sakaSom vi skreiv i ei sak sist fredag, så går Svorka no altså over frå Telenor til Telia som sin TV-leverandør. I ei pressemelding frå Svorka no i dag får du litt meir informasjon om kva denne overgangen inneber for deg som TV-kunde. Her er det og informasjon som skal gjere denne overgangen så smidig som mogleg for deg som kunde.
Les heile sakaOnsdag fekk handelsmann Nordvik beøk i butikken frå barnehagen. Dei eldste bornai barnehagen hadde nemleg laga fine snøkrystallar i dag, og etterpå kom dei saman med Jorunn til Matkroken for å henge dei opp i vindaugo. Ski-VM går i den tyske byen Oberstdorf og startar neste onsdag.
Les heile sakaI kveld var det eit par blå grader og fine forhold for skigåing, da Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe arrangerte sesongens sjuande «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyre. Det er snart 10 år sidan lysløypa på Tjønnmyra vart ferdigbygd og opna, men det har aldri tidlegare vore ein så lang samanhengande periode med fine forhold som denne etterjulsvinteren. Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg har lagt ned ein stor innsats med å preparere traseane og spora gjennom heile perioden.
Les heile sakaNVE melder gjennom varslingstenesta varsom.no om stor snøskredfare i Trollheimen torsdag 18.februar. Faregraden er sett til 4 – for regionen Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre. På fredag ser det ut til at faregraden går litt ned att, men skal du på tur rett før helga, eller i helga, kan det nok vere lurt å følgje med på Varsom.no før du vel turmål. Grunnen til at det er så stor snøskredfare no, er eit svakt snølag høgt i snødekket. Dette gjer at det er stor fare for å utløyse snøskred.
Les heile sakaPå ekstraordinær generalforsamling i Todalsfjordprosjektet i dag, var den viktigaste saka val av nytt styre. malene Aaram Vike vart valt til ny styreleiar, medan tidlegare styreleiar Lars Løset vart valt til styremedlem for eit år for å sikre kontinuiteten. Ny nestleiar i Todalsfjorprosjektet vart Lars Inge Kvande.
Les heile saka