Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.
Les heile saka
Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.
Les heile sakaSøndag 28.februar klokken 14:30 er det duka for årets første gudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av dei nasjonale smittevernreglane, som vart innført 4.jaunuar, har det ikkje vore mogleg å arrangere gudstenester før no. Todalen sokneråd er difor glad for å kunne invitere til gudsteneste att.
Les heile sakaDet var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag. Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren. Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset. Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaNo frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song.
Les heile sakaTodalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet.
Les heile sakaSurnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga.
Les heile sakaI samband med vinterferien neste veke, har Surnadal kino sett opp seks ekstra framsyningar. Framsyningane vil vere både på dag- og kveldstid. Allereie i kveld er det premiere på filmen «Wonder Woman 1984», som er ein film der premieren har vore utsett gong på gong, men som no altså endeleg får premiere.
Les heile sakaLeif Arne «Laffen» Ness (52) frå Bjørnrud i Todalen er materialforvaltar i Sandefjort Fotball som spelar i Eliteserien. Vi hadde eit intervju med Leif Arne i oktober 2020, eit intervju du kan lese her: Lidenskapen som vart levebrød No har SFTV ved Tore Holden og Simen Hem laga eit portrettintervju med Leif Arne.
Les heile sakaLaurdag inviterer Surnadal kunstforening til opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i kulturhuset. Det er i år kunstnaren Jacoba Maria «Coby» Omvlee er årets utstillar og som opnar laurdag 20. februar kl 13. men det skjer også meir i Finstua denne dagen, for Surnadal kunstforening fyller nemleg 40 år, og dermed er det no klart for å presentere jubileumsskriftet som Eivind Hasle har ført i pennen – eit flott innbunne hefte med 60 sider historie om lagets aktivitetar gjennom 40 år.
Les heile sakaSom vi skreiv i ei sak sist fredag, så går Svorka no altså over frå Telenor til Telia som sin TV-leverandør. I ei pressemelding frå Svorka no i dag får du litt meir informasjon om kva denne overgangen inneber for deg som TV-kunde. Her er det og informasjon som skal gjere denne overgangen så smidig som mogleg for deg som kunde.
Les heile sakaOnsdag fekk handelsmann Nordvik beøk i butikken frå barnehagen. Dei eldste bornai barnehagen hadde nemleg laga fine snøkrystallar i dag, og etterpå kom dei saman med Jorunn til Matkroken for å henge dei opp i vindaugo. Ski-VM går i den tyske byen Oberstdorf og startar neste onsdag.
Les heile saka