Surnadal Heimbygdlag minner om dei arrangerer årsmøte onsdag 3. mars.
Les heile saka
Surnadal Heimbygdlag minner om dei arrangerer årsmøte onsdag 3. mars.
Les heile sakaDet vart ein litt dramatisk dag for Erik Kårvatn under randoneé-VM i Andorra. Det gikk som smurt for Erik i både kvalifisering og semifinale, og sikra seg dermed finaleplass i dagens sprint. Men før start var det kontrollveging av ski, og da vart den eine skia til Erik funne 10 fattige gram for lett. Dermed vart han nekta å delta i finaleheatet.
Les heile sakaI ei felles pressemelding frå ALTI Forvaltning og Malme AS, blir det kunngjort at ALTI Forvaltning og Malme AS inngår avtale om utvikling og forvaltning av Vestnes Brygge. Vestnes Brygge ligg sentralt plassert i Vestnes, midt mellom Molde og Ålesund. Vestnes har eit kompakt sentrum med mange butikkar i gåavstand. Vegg i vegg med senteret ligg Sport!, Europris og Bunnpris, forutan fleire leilegheitskompleks, treningssenter og båthamn. Avtalen som er inngått tredde i kraft 1.mars, altså frå i går.
Les heile sakaDet milde vêret den siste veka har smelta mesteparten av snøen i løypetraseane i lysløypa på Tjønnmyra, fortel Ola Dalsegg, leiar i Brne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag. Dette gjer at Barne- og ungdomsgruppa ser seg nødt til å avlyse morgondagens «Barn i løypa».
Les heile sakaGutane som reiste til Andorra på for å delta på VM er forlengst framme og held på og aklimatiserer seg. Tysdag er det klar for første renn, så no finpussar dei forma og førebur seg på tøff konkurranse i tysdagens sprint. Fra reiseleder Gudmund Kårvatn har vi fått ein liten tilstandsrapport i dag:
Les heile sakaDet nærmar seg årsmøtetid for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte torsdag 18. mars kl. 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saksliste står det vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon ønsker saker behandla på årsmøtet må dette sendast skriftleg til stighusby@msn.no innan 10.mars.
Les heile sakaI dag vart det offentleggjort at konfirmasjonen i Todalen 2021 er utbsett til den 28.august. Det har tidlegare vore kjent at konfirmasjonane i Stangvik og Åsskard var utsett til i haust, og i dag kom altså meldinga om at konfirmasjonen i Todalen òg blir utsett til hausten. Opphaveleg skulle konfirmasjonen i Todalen ha vore laurdag 15.mai, men er altså no utsett til laurdag den 28.august.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaNokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen. Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka. Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.
Les heile sakaNo klokka 15:30 kunne Håvard Halset frå Halset Vasslag informere om at alle abonnentane har fått att vatnet. Røyrbrotet på Todalsøra var ferdig reparert i 15-tida.
Les heile sakaI eit presseskriv frå Laget Vårsøg no i dag, blir vi informert om at Ole Magne Ansnes blir ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ole Magne overtek som styreleiar etter Rune Dalager, som har vore styreleiar det siste året. Ole Magne vart valt til leiar på laget sitt årsmøte onsdag kveld.
Les heile sakaEit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar
Les heile saka