I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i kveld, får vi opplyst at ein gjestearbeidar har testa positivt for korona ved innreise. Gjestearbeidaren er registrert i Surnadal, men er på oppdrag i ein annan kommune. Han er som følge av den positive koronatesten isolert der.
Les heile saka
Så langt i smittesporinga har vi ingen fleire positive prøveresultat, men ein ventar enno på svar på alle prøvane om det er eit mutert virus det dreier seg om.
Dette er status 21. mars:
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turruta blir bestemt ved oppmøte.
Les heile saka
I dag er det ein spesiell dag, for i dag er det vårjamndøg og da er dagen og natta like lang, ikkje berre her i Todalen men faktisk over heile verda. Heilt nøyaktig skjedde det i dag, 20. mars kl 10.37 CET – altså på formiddagen. Da kan vi faktisk allereie i morgon glede oss over at dagen er lengre enn natta, og snart er det faktisk sommar igjen, og bra er det!
Les heile saka
Laurdag var det ei lita samling i ungdomshuset for dei som er var interessert i lokale stadnamn og arbeidet med å samle inn og registrere. Det var Todalen historielag som prøvde å finne folk som er interessert i temaet og som kan tenkje seg å jobbe litt med å samle og registrere gamle stadnamn. Mange lokale stadnamn har nok forsvunne av den enkle grunn at dei er gått ut av bruk – eller er i ferd med å gå ut av bruk.
Les heile saka
For dei som ikkje deltok på årsmøtet vårt torsdag og ikkje fekk med seg at årets bilete vart feiring tå avsmelta hønhals så får du no ei lita oppsummering.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no på laurdagsmorgonen, blir det informert om at det er påvist eit nytt koronasmittetilfelle i Surnadal, denne gongen med forgreining til Rindal.
Les heile saka
Todalen Grendalag sitt årsmøte var beramma til måndag 15.april. På det digitale styremøtet i Grendalag i går kveld, vart det vedteke å utsette årsmøtet til onsdag 16.juni kl. 19:00. Bakgrunnen for vedtaket er dei gjeldande smittevernreglane for årsmøter, som både krev påmelding og god avstand (minimum 1,5 meter) mellom møtedeltakarane. Grendalaget ønsker at flest mogleg skal få høve til å delta på årsmøtet, difor blir årsmøtet utsett.
Les heile saka
Torsdag kveld kom det ei oppdatering frå Surndal kommune om vaksineringa i veke 12, og påskeveka. Kommunen kallar inn fortløpande til vaksinering til første ledige vaksineringsdag, og det er viktig å gje rask tilbakemelding på innkallinga, òg om du takkar nei til vaksinering. Kommunen vaksinerer framleis gruppe 3 (75 – 84 år) med vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer.
Les heile saka
Styreleiar I Todalen.no, Stig Husby var nok litt spent på korleis det skulle gå å arrangere årsmøtet på digistalt vis, med møtedeltakarane plassert framfor skjermen på kvar sin PC eller iPad. Men det var ingen grunn til å engste seg, for det gikk fort og grei å koble opp dei 12-13 møtedeltakarane og så var det berre å sette gå i gang med saklista. Med vanlege årsmøtesaker så gikk både opprop, årsmelding og rekneskap unna i ein fei.
Les heile saka
Todalen historielag har mange jarn i elden, og må finne seg i å prioritere arbeidsoppgåver med å sikre at historia blir teken vare på så bra som muleg. Eit prosjekt dei no held på og bles nytt liv i er registrering av stadnamn. Er du interessert i stadnamn og kan tenkje deg å ta del i dette arbeidet vil nok historielaget sette stor pris på det. I Todalen ungdomshus har Sven Olav Svinvik, Eivind Grønmyr og Ragnar Halle rigga seg til med kart og info-mapper for å finne ut kvar det er gjort minst med tanke på registrering av gangle stadnamn.
Les heile saka
I kveld klokka 20:00 arrangerer Todalen.no digitalt årsmøte. Alle medlemmer er velkomne til å vere med. Du melder deg på ved å trykke på lenka nedst på sida. Etter at du har gjord det, vil systemansvarleg sleppe deg inn i møtet. Linken vil vere open for påmelding og innslepp frå klokka 19:45
Les heile saka