Kaldt og fint av av Mari B Redalen vant månadens bilete for februar. Bilete er teke på Kvernåbotnvatnet ein iskald dag i februar.
Les heile saka
Kaldt og fint av av Mari B Redalen vant månadens bilete for februar. Bilete er teke på Kvernåbotnvatnet ein iskald dag i februar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 15. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaDet er Gunnar Nordvik som kjem med denne oppfordringa. Han har hytte på Nordvik (Per-hytta), og fortel at det er eit flott turmål rett ovafor hytta hans som heiter Skarvan. Derfrå er det viden utsikt, nærast i alle retningar. I går monterte Gunnar ein nylaga kvilebenk på denne plassen, som ligg på 720 m.o.h. og har utsikt utover alle «fysne».
Les heile sakaSurnadal kino kan skilte med barnefilmen «felix på ville veier» og premiere på den norske ungdomsfilmen «Prosjekt Z» «Felix på ville veier» er ein kinesisk animasjonsfilm om katten Felix. Filmen skiljer seg frå vestlege animasjonsfilmar, først og fremst, fordi den spelar meir på melodramatiske verkemiddel, framfor humoren som vestlege animasjonsfilmar ofte spelar på. «Prosjekt Z» er ein norsk zombie-film som hadde premiere i går, den 12.mars. Filmen vender seg i første rekke til ungdommen av kinopublikummet.
Les heile sakaTorsdag 25.mars klokken 19:00 har Todalen Idrettslag årsmøte i Todalen ungdomshus. I ein epost frå Todalen Idrettslag har vi fått daklista til årsmøtet. Den syner at det blir handsaming av desse sakene: Årsmeldingar for hovudlaget og gruppene, Rekneskap, Inkomne forslag Medlemskontingent 2022, Budsjett 2022 for hovudlaget og gruppene, Val.
Les heile sakaDa vi var innom fjøset hos Todalen mjølk i Pestua var det full aktivitet med kluvstell på dei vel hundre mjølkekyrne. Det var 2 mann frå Trollheimen klauvservie som hadde montert opp den avanserte klauvboksen inne i fjøset og så stelte dei klauvene på kvar si side av boksen.
Les heile sakaBente Målen (45) fekk torsdag NTNU sin filmpris. Bente har var busett i Todalen frå slutten av åttitalet til utpå nittitalet. Ho har dei siste sju åra hatt filmproduksjon som levebrød, først som produksjonskoordinator og seinare som produksjonsleiar. Ho har mellom anna vore produksjonsleiar for filmane «Den 12.mann» og «Håp», og i TV-serien «Heimebane».
Les heile sakaEin tilsett i Surnadal kommune vart innlagt på sjukehus torsdag ettermiddag, etter at vedkommande hadde vorte vaksinert med AstraZeneca sin vaksine på onsdag. Vedkommande hadde fått ein uventa kraftig reaksjon og bad difor om helsehjelp. Etter undersøking på sjukehus vart vedkommande utskriven same kveld og skal no ha det bra.
Les heile sakaDet har vore mykje att og fram rundt informasjonen om vaksinasjonsprogrammet i det siste. Vi har derfor trekt attende pressemeldinga som var lagt ut tidlegare i dag, og legg no ut ei ny og oppdatert pressemelding om AstraZeneca-vaksina frå Surnadal kommune.
På grunn av nye opplysningar om reaksjonar etter vaksinering med AstraZeneca sett FHI vidare vaksinering med denne vaksinetypen på vent. Bla videre og les pressemelding frå kommunen:
I 10-tida var vegen i Rabban (mellom Nordvik og Åsbø) stengt i ein kortare periode, fordi eit tre hadde blese ned og låg over vegen. Treet vart raskt fjerna av folk som kom til staden, slik at vegen var stengt i berre 15 – 20 minutt.
Les heile sakaFrå skannarpatrulja i Todalen historielag har todalen.no fått tilsendt eit interessant bilete av handball-lag frå midten av 1940-talet. Biletet er nok frå eit av dei første åra med jentehandball i Todalen.
Les heile sakaKårvatn Skimo må avlyses! Det er med tungt hjerte at vi må innse situasjonen og med anbefaling fra kommuneoverlegen må vi dessverre avlyse Norgescup og KM neste helg. Det er med bakgrunn i økt smittespredning nasjonalt at tiltakene strammes inn. Det ser nesten ut som vi må sette en strek for konkurranser resten av skisesongen også i år, og håpe på at 2022 blir som normalt, skriv Trollheimen Fjellsportklubb på sine FB-sider.
Les heile saka