Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tre over vegen på Nordvik og ustabil mobildekning

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. mars 2021

I 10-tida var vegen i Rabban (mellom Nordvik og Åsbø) stengt i ein kortare periode, fordi eit tre hadde blese ned og låg over vegen. Treet vart raskt fjerna av folk som kom til staden, slik at vegen var stengt i berre 15 – 20 minutt.  

Treet som hadde blese ned over vegen vart fort fjerna. Foto: Gunnar Nordvik

Telia har for tida problem med dekninga i mobilnettet sitt i Todalen. Vi har vore i kontakt med Telia, men dei hadde få opplysningar å gje om kva som var grunnen til problema, eller når dette ville bli utbetra. Vi kjem att med meir informasjon om dette, når vi får tilgang på informasjon frå Telia. 

Det bles akkurat no ganske kraftig, og skal fortsette med det utover dagen. Det er difor viktig å sikre lause gjenstandar og ta andre forsiktigheitsomsyn.  

 

Publisert: 11. mars 2021, 10:25