Natt til måndag klokka 00:00 startar laksefisket i Toåa. Dette er det knytt stor spenning til, for no er det veldig god vassføring i elva, og det skal ligge godt tilrette for laksefisket. Todalshytta ventar i helga dei første gjestane som kjem for å prøve laksen, og Todalen elveeigarlag er godt budd til ny sesong som varer fra og med 15. juni til og med 15 august. Søndag kveld inviterer Todalshytta til fluekastarkonkurranse medan vi venter på at klokka skal nå midnatt.
Les heile sakaFjellgruppa: Inviterer til tur til Trodalen
Friluftsgudsteneste på Nordvik
Stangvik sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Nordvik søndag 14. juni. Takka vere gjestefriheita til Ola og Ingrid Røe har det vore tradisjon i mange år å ha denne gudstenesta på stranda deira nedanfor Slettneset, eit nydeleg område ved sjøen som Stangvik sokneråd er svært takksame for å få lov å bruke fortel soknerådsleiar i Stangvik, Ranveig Brøske.
Les heile sakaDugnad på Bordholmen mandag 15. juni
Den nyvalgte anleggsgruppa med ansvar for anlegget på Bordholmen med Lars Stensby i spissen, har i kveld hatt sitt første møte. I den anledning ønsker gruppa å invitere bygdefolket til dugnad førstkommende måndag.
Les heile sakaSkal kose seg i Gammelseterdalen i sommar
Endeleg bar det til fjells med angusflokken på Kårvatn – omtrent ein månad forsinka var dagen komen for å sette kursen til Gammelseterdalen på sommarbeite. Heile 58 dyr med smått og stort skal kose seg der i heile sommar, og kjem ikkje att før det lir eit godt stykke ut i september. I Gammelseterdalen får dei forsyne seg av ingrediensar som sjølv ein mesterkokk ville sette pris på.
Les heile sakaPå tur langs elvepromenaden i Rindal
Stavgang over fylkesgrensa langs elva som renner gjennom både Rindal og Surnadal. Elva binder oss sammen, selv om vi i dag hører heime i hvert vårt fylke. Rindal imponerer med sitt dugnadsarbeid, og vi opplevde trivsel og velvære med elvesus og frodig vegetasjon
Les heile sakaFrida og svanen ble månadens bilete for mai
Trine Engdal Storholt stakk av med første plassen denne gongen også. Frida og Svanen gjekk til topps i kåringa for bilete fra mai månad. Her var mange fine bileter og hard konkurranse blandt fleire.
Les heile sakaSommaravslutning ved Todalen Oppvekstsenter 2020
Som så mykje anna denne våren, blir og sommaravslutninga ved Todalen Oppvekstsenter påverka av Koronasituasjonen. Det er frå skuleleiinga i kommunen, i samråd med kommunelegen, er det sett eit makstak på 50 personar for skuleavslutningar i år.
Les heile sakaJorid vart årets kundebehandlar for 2019.
Det er ikkje alltid det treng å vera store begivenheiter i kaffekroken på Matkroken før blautkaka kjem på bordet, men i dag var det verkeleg på sin plass med kakefeiring. Karl Woldseth distriktssjef i Posten hadde teke turen til Todalen for å gjere stas på Jorid Ansnes, for å heidre ho som » Årets kundebehandlar» for Post i butikk.
Les heile sakaOgså jentene er komne i gang med treninga igjen
I går kveld var jentene på J9/10 Søya/Todalen på trening på Bordholmen. I år forsøker dei seg med eit reint jentelag i denne klassen, og håper som dei aller fleste unge fotballspelarar at det blir lov spele mange kampar etter kvart.
Les heile sakaFin Kløvertur i Kvennsetliene
Kløverturen måndag 8. juni starta frå Halsbua i 7 grader, vind og regn. Regnjakker og vottar måtte fram frå sekken og takast i bruk. Det såg ut til å blir ein hustre tur.
Les heile sakaKveldsope i arboretet denne veka
No kem sola og varmen for fullt, og da skjer ting fort i arboretet. Derfor held vi ekstra ope på kveldstid denne veka: tysdag, onsdag og torsdag til kl. 20.00. Opningstida blir då frå kl. 11.00-20.00 desse dagane. Onsdag frå klokka 17.00-20.00 opnar vi kiosk-luka og sel kaffe og is med meir! Blomstringa er på sitt finaste […]
Les heile saka