Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ta turen til Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. juli 2021

Den store rododendronblomstringa er nok over for i år, men ein tur til Svinsviks arboret er langt i frå bortkasta fordi.  Det er mykje anna å sjå og oppleve, og ikkje minst er stigane gjennom «1000-meterskogen» ein fin plass for å finne ro og fred i sjela. Her kan du rett og slett sette deg ned og drøyme deg bort frå ein travel kvardag.

Sissel Halset Storslett er vertinne på kafeteriaen – vi kan trygt anbefale eplekake med krem! Foto: Jon Olav Ørsal

Vi kan trygt anbefale ein tur i arboretet, ikkje minst eit besøk i kafeteriaen der du kan kjøpe deg ein kaffekopp og dagens kake som er ferfekt for å nytes i uterestauranten på slike dagar som idag – med godt over 20-talet på gradstokken.  Her kan du også ta med barn og barnebarn og trøye av ei god stund langs stigane gjennom skogen.   

Arboretet er ope onsdag til søndag i tidsrommet 11-16 

På ein benk i parken – her kan du slenge nedpå og kvile føtene. Foto: Jon Olav Ørsal

Humla har ei arbeidsøkt i rosespireaen. Foto: Jon Olav Ørsal

Modne druer i drivhuset – søte og gode! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juli 2021, 14:16