Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prima fiskarelv etter regnvêret

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juli 2021

Den siste veka har det nok vore i minstelaget med vassføring for laksefisket i Toåa.  I går kveld var det imidlertid vêromskifte og ein god del regn utover kvelden og natta.  Det har ført til at Toåa har auka vassføringa fra rundt 2,3 m3/sek i går ettermiddag – til 13,2 m3/sek på målinga no kl 17:00 søndag.

Det har da også gjeve resultat, ettersom det i løpet av dagen er teke 4 smålaks fordelt på 3 fiskarar.  Lita vassføring har nok ført til at mange laksefiskarar har hatt «landligge», men no som vassføringa er auka såpass vil nok talet på fiskarar auke og vi rekar også med å få fleire laks i årets laksebørs i Toåa.

 Tilsaman er no teke på land 24 laks med ei totalvekt på 116 kg.  Det er nok noko svakare resultat enn kva fjorårts sesong viste, men det må no tilskrivast lita vassføring, da det meste av vårløysinga var unnagjort  den 15. juni, da laksefisket starta i Toåa. I fjor varte snøsmelting mykje lenger, og dermed var det meir gunstig vassføring for laksefisket.  

Publisert: 18. juli 2021, 17:24