Fjord1 meldte i dag tidleg om at rute 46 hadde tekniske problem og var innstilt inntil vidare. Kl 05.52 meldes det om normal drift på strekninga igjen.

Fjord1 meldte i dag tidleg om at rute 46 hadde tekniske problem og var innstilt inntil vidare. Kl 05.52 meldes det om normal drift på strekninga igjen.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 8. mars og tysdag 9. mars. Det er mange ledige timar båe desse to dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Les heile sakaDet er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.
Les heile sakaTodalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe minner om at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. På grunn av dei gjeldande smittevernreglane blir det ikkje servering av drikke, så det må kvar enkelt ta med sjølv.
Les heile sakaUtover heile føremiddagen har det vore leita etter vannlekkasje på anlegget til Todalsøra vassverk uten resultat. No er tankane i ferd med å fylles opp, og da vil det bli prøvd å sette på trykk på dei forskjellige greinene av rørnettet for å prøve å lokalisere lekkasjen.
Les heile sakaVåren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars.
Les heile sakaSidan i går kveld i 20.30-tida har Todalsøra vore utan vassforsyning. Sannsynleg vis er det rørbrot ein eller annan plass, men vi har ikkje klart å lokalisere skaden enno, seier leiar i vassverket Håvard Halset til Todalen.no.
Les heile sakaSola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.
Les heile sakaSøndag 28.februar klokken 14:30 er det duka for årets første gudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av dei nasjonale smittevernreglane, som vart innført 4.jaunuar, har det ikkje vore mogleg å arrangere gudstenester før no. Todalen sokneråd er difor glad for å kunne invitere til gudsteneste att.
Les heile sakaDet var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag. Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren. Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset. Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaNo frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song.
Les heile saka