Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klubbritt – det butta mot opp Falla

Jon Olav Ørsal Måndag 23. august 2021

Trollheimen Sykkelklubb arrangerte det årlege klubbrittet som går til Kårvatn, med start frå Forsamlingshuset på Nordvik.  Det er temmeleg knappe 19 km etter bergningane til 1881.no.  Øyvind Bertelsen-Tangvik  var kjappast på pedalane med tida 35:45, medan Gaute Moen kom i mål eit lite sekundnd etter.  

Berre eit sekund skilte dei to første – Øyvind Bertelsen-Tangvik og Gaute Moen. Foto: Jon Olav Ørsal

Totalt var det 11 deltakarar i klubbrittet som det etter kvart har vorte tradisjon å arrangere.  Sjølv om feltet var jamnt den førte del av distansen så persa nok turen opp Falla, og gjorde at det vart litt spreiing på deltakarane.  Rundt 200 meter utgjer høgdeforskjellen mellom Nordvik og Kårvatn.  

Med panseret på bilen som heimekontor sørga Kjetil Sogge for resultatservice. Foto: Jon Olav Ørsal

Resultat frå klubbrittet frå Nordvik til Kårvatn måndag kveld.

Klare for start frå Nordvik – knappe 19 km ventar og rundt 200 høgdemeter. Foto: Kjetil Sogge

Publisert: 23. august 2021, 20:33