Det nærmar seg årsmøtetid for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte torsdag 18. mars kl. 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saksliste står det vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon ønsker saker behandla på årsmøtet må dette sendast skriftleg til stighusby@msn.no innan 10.mars.
Les heile saka
I dag vart det offentleggjort at konfirmasjonen i Todalen 2021 er utbsett til den 28.august. Det har tidlegare vore kjent at konfirmasjonane i Stangvik og Åsskard var utsett til i haust, og i dag kom altså meldinga om at konfirmasjonen i Todalen òg blir utsett til hausten. Opphaveleg skulle konfirmasjonen i Todalen ha vore laurdag 15.mai, men er altså no utsett til laurdag den 28.august.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Nokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen. Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka. Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.
Les heile saka
No klokka 15:30 kunne Håvard Halset frå Halset Vasslag informere om at alle abonnentane har fått att vatnet. Røyrbrotet på Todalsøra var ferdig reparert i 15-tida.
Les heile saka
I eit presseskriv frå Laget Vårsøg no i dag, blir vi informert om at Ole Magne Ansnes blir ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ole Magne overtek som styreleiar etter Rune Dalager, som har vore styreleiar det siste året. Ole Magne vart valt til leiar på laget sitt årsmøte onsdag kveld.
Les heile saka
Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar
Les heile saka
Fredag pakkar Erik Kårvatn kofferten og dreg til Andorra i Spania på VM i randoneé. Han er ein av fem som skiforbundet har teke ut til juniorlandslaget. To har meldt forfall, og dermed er dei tre som fredag setter seg på flyet til Barcelona. I tillegg er faren Gudmund Kårvatn med som lagleiar for juniorane på ein VM-tur som varer frå fredag til neste søndag – altså i overkant av ei veke
Les heile saka
I samband med at COOP er stor sponsor av VM på ski i Oberstdorf i Tyskland, er det no «Jubeldagar» i COOP-butikkane. Det blir markert med mange flagg og plakatar i og utanfor butikkane. I samband med dette, slår Matkroken Todalen, til med grilling av «VM-pølser» laurdag 27.februar mellom klokka 11:00 – 15:00.
Les heile saka
Halset Vasslag sine abonnentar på Todalsøra har vore utan vatn sidan tysdag kveld på grunn av eit røyrbrot. No i ettermiddag vart røyrbrotet lokalisert. Det er eit gamalt jarnrøyr som har sprukke og må skiftast ut. Dette arbeidet må gjerast på fjærande sjø, så arbeidet kan først ta til i morgon rundt klokka 13:00. Håvard Halset i Halset Vasslag reknar med at alle abonnentane som er råka av røyrbrotet på Todalsøra, vil ha vatn i kranane att ut på ettermiddagen fredag.
Les heile saka
På Nordmøre Folkehøgskule er det ei gruppe som har avspenning som valfag. I dag har heile gruppe på 13-14 personar vore i Todalen for å spenne ned å gjera seg litt kjent med Todalen og kva bygda har å by på, fortel Kjell Gunnar Polden som er er læraren deira, og kjentmann på turen.
Les heile saka
I går kveld var det arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Vinterferien gjorde nok sitt til at frammøtet var litt mindre enn det som har vore «normalt», så langt i sesongen. Men dei som hadde møtt fram kunne kose seg i nypreparerte og fine løyper.
Les heile saka