Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senioruniversitetet gjesta Talgø på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Dei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen.  Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen.  Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.

Talgø hadde eit lydhørt publikum i salen da han fortale om Talgøkonsernets historie. Foto: Jon Olav Ørsal

Terje Talgø, som er konsernsjef for Talgøkonsernet, sørga for ei skikkeleg innføring i historia om familiebedrifta som han er 4. generasjon i.  Familiebedrifter av denne størrelsen er det faktisk ikkje så mange igjen av, og Talgø har da ei solid historie som går heilt attende til 1899 – og kanskje enda litt lenger.  

Før det ble pause vart det også ein sekvens om «Talgø inn i framtida».  Her fortalte Talgø litt om tankane han har for framtida, og planlagte investeringar  dei næraste åra.  Talgøkonsernet nærmar seg etter kvar 300 medarbeidarar og budsjettet for neste år er det første med konsernomsetning på over 1,0 mrd.

Thora Talgø som er oldemor til dagens eigarar av familiebedrifta har fått ein sentral plass i selskapets historie. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå hadde Senioruniversitetet eit lynraskt årsmøte, der dei vedtok gjenval av heile styre fram til årsmåtet 2022 som kjm på nyåret.  Styret i Senioruniveristetet består av:

Styret og tillitsvalte er etter årsmøtet i Todalen samansett slik:

• Leiar Einar Oterholm (2019-2021)
• Nestleiar Rolf Arne Berg (2020-22)
• Sekretær Grethe Bøe Snoen (2020-22)
• Kasserar Marie Drøivoldsmo (2018-2020)
• Varamedlem Kjellaug Fosseide (2019-2020)
• Varamedlem Norvald Bondhus (2019-20)
• Varamedlem Elisabeth Moen (2020-2022)
• Revisor Jan Gausen (2019-20)

Styret fram til neste årsmøte på nyåret 2022: Frå venstre Rolf Arne Berg, Kjellaug Fosseide, Marie Drøivoldsmo, Einar Oterholm og Grete Bøe Snoen.

 

 

Først publisert: 25. august 2021, 16:39 - Sist oppdatert: 26. august 2021, 08:22