Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konfirmasjondag i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. august 2021

Dei tre konfirmantane i Todalen kyrkje vart endeleg konfirmert søndag.  Konfirmasjonen var planlagt på vårparten, men det sette viruspandemien med Covid 19 ein stoppar for. Men denne gongen vart det og da vart konfirmantane belønna med ein skikkeleg finvêrsdag.  Samtidig hadde Kristin Strand si aller siste gudsteneste i Todalen kyrkje – ho har egentleg slutta, men ville «være med» konfirmantane og sjå dei vel i mål. 

Frå konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Kristin heldt da og ei god preken og tale til konfirmantane, basert på temaet å ikkje gje opp.  Både presten og konfirmantane har lenge gledd seg til at denne dagen skulle kome, og minna om at pandemien både har ført til utsetjing av konfirmasjonen og til at dei ikkje har fått nok tid i lag – men har trivdes veldig godt i lag. Og sjølvsagt vanka det nokre godord som konfirmantane fikk med seg på vegen. Dei tre som er årets konfirmantar er Van Adrian Hadraque Ansnes, Edel Therese Karlsen og Johan Ranes. 

Gjorde ekstra stas på salmesongen – frå venstre Jo Ranheim, gitar, Mari Løfaldli, vokal og Ronny Kjøsen, organist. Foto: Jon Olav Ørsal.

Musikalsk vart det og gjort litt stas på konfirmantane. Organist Ronny Kjøsen stillte med to solistar, Jo Ranheim på gitar og Mari Løfaldli vokal.  Dette sette ein ekstra spiss på salmesongen denne dagen.   Vi gratuslerer både konfirmantar og familie med konfirmasjonsdagen. 

Kyrkjevert Frode Grønmyr delte ut ei symolsk rose til konfirmantane. Foto: Jon Olav Ørsal

kristin Stran hadde si siste gudsteneste i Todalen kyrkje, og var med konfirmantane «i mål». Foto: Jon Olav Ørsal

Frå konfirmasjonsgodstnesta i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Utafor kyrkja i Todalen, etter at konfirmasjonsgudstenesta var ferdig. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. august 2021, 14:21