Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje regn og flaumstore elvar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Det var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt.  Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt. 

Vi tok ein runde for å sjå på elvane rundt omfkring i bygda og har laga ein liten bildeserie/galleri av situasjonen, slik den såg ut i 08-tida i dag.  Måletala frå NVEs målestasjon på Storfossen viser at Toåa var på sitt største i 11-tida onsdag, da målaren viste ca 81 m3/sek.  Etterpå gikk vannføringa ned og var onsdag kveld rundt 50m3/sek.

Toåa er nok ekstra stor i dag på grunn av overløp på Tovatna.  Dette påverkar sjølvsagt vassføringa i heile Toåa, men vil nok vises best ovafor Storfossen. Overløpet på Tovatna utgjer ein større andel av den totale vassføringa der (prosentvis). 

Vêrmeldinga på YR.NO melder no at regnvêret skal være avtagende utover dagen, og lovar at det skal bli reint så fint vêr i morgon – torsdag og vidare gjennom komande helg. 

Bilgegalleri frå flaumstore elvar i dag tidleg – alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 25. august 2021, 13:50 - Sist oppdatert: 26. august 2021, 08:21