Søndag ettermiddag fann Gudmund I. Kvendset denne, noko vi trur er ei sveiv til ein båthengar. Gudmund fann den i Sandstadkrysset på Kvennset søndag ettermiddag, så er det nokon som har køyrt gjennom Sandstadkrysset med båthengar i helga, kan det vere lurt å sjekke om dette kan vere sveiva di?
Les heile saka
I kveld var det dugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Over 50 hadde møtt opp, så dugnaden vart unnagjort på ein stor time. Kyrkjegarden vart raka, kyrkja vaska utvendig og somme gravsteinar, som hadde blitt skeive på grunn av tælen gjennom vinteren, vart retta opp att.
Les heile saka
Det har vore mange besøk i Gammelvegen i helga – laurdag 1. mai opna Stikk UT -sesongen med massevis av turforslag rundt omkring i hele fylket. Men det her må vi berre seie ifrå, seier Bjørn Halle som er kårkaill i Nestua på Hjellnes og peikar på hundskitposen som ligg på vegkanten i traseen for Svinvikrunden.
Les heile saka
Først måndag i mai vart det Kløvertur i Gammelvegen. Veret var godt, det var godt oppmøte og det vart ein god turdag.
Les heile saka
Todalen Båtforening inviteerer sine medlemmer til årsmøte tirsdag 18. mai kl 19:00, og det skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka. På agendaen for årsmøtet står vanlige årsmøtesaker. Saker som ønskes behandlet på årsmøtet må meldes inn til styret v/formannen innen 10. mai 2021.
Les heile saka
Måndag kveld hadde både Søya/Todalen J9/10 og G9 trening på Bordholmen stadion. Det er Jens Nervik og Ole Martin Øyen som er Trenarar for J9/10 laget, medan Jostein Kvendset er trenar for G9/10. Båe laga har hatt fleire treningar, og neste veke tek kampane til.
Les heile saka
I dag markerte Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank at dei går saman til ein ny storbank under namnet Sparebank1 Nordmøre. I dag skjer altså den formelle og juridiske samanslåinga, medan den tekniske samanslåinga er litt meir komplisert på grunn av at bankane har forskjellige teknisk plattformer. Dette tek det litt lenger tid for å få til å gå i lag.
Les heile saka
Fjellgruppa i pensjonistlaget er glad for å kunne invitere til tur att! Tysdag 11.mai går turen frå Kallset til Kvalnesvika. Alle som vil vere med møter på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00, for å organisere samkøyring til Kallset. Stien frå Kallset til Kvalnesvika går litt opp og ned, men er grei å gå, og fri for snø.
Les heile saka
Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte onsdag 16.juni klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Frist for å sende inn saker ein ønskjer å ta opp er på årsmøtet, må sendast til bgansnes@online.no innan måndag 31.mai. Frist for å seie frå seg verv er 10.mai, og skal sendast til ragnar.halle@gmail.com
Les heile saka
Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift for 2021 er godt i gang. Det blir da årsskrift nr. 20 – altså eit lite jubileum.
Les heile saka
Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden. Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad – blir vi mange, så er det fort unnagjort!
Les heile saka
Start 4H kallar inn til årsmøte tysdag 18.mai klokka 18:00 i Skulstuå. Vanlege årsmøtesaker. Sitjande styre oppmodar alle medlemmene om å tenke gjennom kva prosjekt dei ønskjer å ha som prosjektoppgåve i 2021!
Les heile saka