Todalsvennen og visepopsongaren Asle Beck kjem til Todalen igjen laurdag 5. juni. Asle vil da halde konsert for oss på bakken framfor Todalshytta. – Asle Beck er godt kjent i Todalen og har delteke på låtskrivarseminar her og har opptredd både på Todalshytta og på Raus 2015 på Gammelfabrikken. No er han altså klar for ein todalstur igjen, og han entrar scena på Todalshytta laurdag 5. juni – presis kl 17.
Les heile saka
Bli med på tur til Strengen! Tysdag 1.juni feirar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag første sommardag med tur til Strengen.
Les heile saka
Todalsdagen 2021 går av stabelen laurdag 26.juni på Bordholmen stadion. Programmet er ikkje heilt «spikra» enda, men at det blir ein dag med fleire nye aktivitetar er heilt sikkert. «Ræta opp!» har etter kvart vorte eit tradisjonelt arrangement under Todalsdagen, og i år er ikkje noko unntak i så måte, så her er det berre å legge seg i trening for å «spisse» forma!
Les heile saka
Barne- og ungdomsfotballen har så vidt begynt å rulle rundt om, men på grunn av koronasituasjonen, er det så langt berre kampar mot lag frå same kommune som kan spelast. I går kveld var det difor duka for eit klassisk lokaloppgjer når Søya/Todalen J10 tok i mot Surnadal J10 til seriekamp på Søyabanen.
Les heile saka
Samarbeidsprosjektet om turstien opp til Snytå er god i gang med dugnadsarbeidet. Tysdag kveld var det 12 personar som deltok på dugnaden som Nordvik Grendalag og I.L. Søya arrangerte i lag. Ingrid Røe inviterte heile gjengen til hytta deira, «Sveinebu», og der vart det traktering.
Les heile saka
Første kvelden med sykkeltrim i sommar vart arrangert i kveld. Både store og småe todalingar møtte opp for å delta, og den første runden gikk rundt bygda – oppover Ørsalbukta til Bruset og nedover att på norsdsida og siste etappe etter Toåa tursti frå Bønnavollan til Halsabrua og vidare til Bordholmen.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 7. juni og tysdag 8. juni. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
På ettermiddagen i dag tikka det inn ei skikkeleg gladmelding til alle som er kundar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll. I meldinga heiter det at kundane i Heim, Surnadal og Tingvoll får 15 millionar til fordeling.
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag gjekk i går tur til Mulneset. Det var 25 deltakarar på turen. Deltakarane fekk ein fin tur etter ein tørr og fin sti med god utsikt utover fjorden. Stien frå Haltbakken og utover til Mulneset går gjennom eit frodig område med allsidig vegitasjon og skog med mange treslag. Turrapporten fortel at deltakarane storkosa seg i det fine vêret.
Les heile saka
I kveld var Start 4H ute og testa fiskelykka i Todalsfjorden. Gudmund K. Kvendset, Finn Ranes, Kjetil Sogge, Laila K. Bergli og Shan Allan Halle stilte med båtar, slik at det vart plass til alle 4H-arane. Todalt var det rundt 20 personar i dei fem båtane som drog ut for å freiste fiskelykka.
Les heile saka
Det er Todalen historielag som laurdag 29. mai frå kl 12 og utover inviterer til kulturvandring i Brusetgrenda, frå Bruset og oppover til hengebrua. Kulturvandringa starta på Bruset kl 12, og så går turen innover grenda, med kjente guidar – Ola Bruset, Kristen Bruset og leiar i historielaget John Moe som blir med på turen. På returen går turen nedom Nernesset, der det før i tida var busetting.
Les heile saka
I dag er mesta i gang med tillyst utbetringsarbeid på på asfalten på fylkesvegen på 3 plassar. Arbeidet starta i dag tidleg og vil gå føre seg utover dagen på Todalsøra, ved Pilskaret og på begge sider av Brusetbrua. Til saman er det snakk om 2-300 meter som no får eit nytt lag med asfalt.
Les heile saka