Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkjeklokkene ringer torsdag 22.juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. juli 2021

I morgon er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya, der til saman 77 menneske vart drepne. I samband med tiårsmarkeringa av denne dystre hendinga 22.juli 2011, vil alle kyrkjeklokkene, over heile landet, ringe i fem minutt, frå klokka 12:00 – 12:05 torsdag 22.juli. 

Les heile saka

«Gullrush» i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. juli 2021

Hausten 2018 gjorde musikalen «stjernestøv», om gullrushet til Klondike stor suksess i Surnadal og Sunndal. No kjem konsertversjonen, med premiere i Bondehuset torsdag 5.august klokka 18:00. 

Les heile saka

Sommarakademi på Stangvik Prestegard – Kulturspinneriet

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juli 2021

Måndag 26 juli startar Stangvikfestivalen og Operaen i Kristiansund sitt sommarakademi for unge sangarar. I ei veke ska unge sangtalent fra midt-Noreg bo og arbeide på Stangvik Prestegard-Kulturspinneriet. Instruktører i verdsklasse skal skolere neste generasjon operasongarar. Fredag skal det haldast konsert i Bondehuset, Stangvika, og lørdag går turen til Knudtzonlunden på Frei i Kristiansund.

Les heile saka

Prima fiskarelv etter regnvêret

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juli 2021

Den siste veka har det nok vore i minstelaget med vassføring for laksefisket i Toåa.  I går kveld var det imidlertid vêromskifte og ein god del regn utover kvelden og natta.  Det har ført til at Toåa har auka vassføringa fra rundt 2,3 m3/sek i går ettermiddag – til 13,2 m3/sek på målinga no kl 17:00 søndag.

Les heile saka

Ope i Slettneset steinovnsbakeri søndag 18.juli

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. juli 2021

I morgon, søndag 18.juli mellom klokka 12:00 – 16:00 er det ope i Slettneset steinovnsbakeri. Som vanleg kan dei, òg denne gongen, freiste med nystekte kaffebrød og kaffe. Så har du lyst på «søndagskaffe» med noko godt til i morgon, så er det berre å ta turen til Slettneset steinovnsbakeri. 

Les heile saka

Ta turen til Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. juli 2021

Den store rododendronblomstringa er nok over for i år, men ein tur til Svinsviks arboret er langt i frå bortkasta fordi.  Det er mykje anna å sjå og oppleve, og ikkje minst er stigane gjennom «1000-meterskogen» ein fin plass for å finne ro og fred i sjela. Her kan du rett og slett sette deg ned og drøyme deg bort frå ein travel kvardag.

Les heile saka

2. slåtten har så smått starta

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. juli 2021

Det har i sommar vore god grasvokster, og 2. slåtten har så vidt starta.  Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at det først og fram er nysådde areal som dem er først ute med, og at dei først vil kome i gang fopr fullt om ei vekes tid eller så. Det ser imidlertid ut til […]

Les heile saka

Pressemelding fra Talgø: – Royalsaka ruller videre

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juli 2021

I over et halvt år har «royalsaken» rullet gjennom gangene på Talgø og hos de to andre produsentene av royalbehandlede produkter.  De tre produsentene har vært beskylt for feilmerking av brannklasser og at produktene har vært mer brannfarlige enn andre treprodukter – dette tiltross for at alle mulige og nøytrale testresultat avkrefter dette og beskriver royalbehandlede materialer som like trygge som andre.  Sist ut med før ferien var Treindustrien som i et medioppslag rakket ned på royalkldningen.  Konsernsjef Terje Talgø har gitt et tilsvar som vi gjengir i sin helhet nedenfor.

Les heile saka

Todalen.no – ustabil nettside i dag

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juli 2021

Vi har i dag opplevd at nettsida vår har vore litt ustabil – eit par saker som var lagt ut i går kveld forvann i løpet av morgontimane.  Disse måtte legges ut på nytt i dag, og vi har faktisk hatt litt ustabilitet seinare i dag og.  Sannsynleg vis er det lagt tilbake backup – ein eller kanskje to gong – og at dette er årsaka til at vi har opplevd problem.  Vi beklager dette, og håpar at problema no er løyst. 



Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 18.juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. juli 2021

Søndag 18.juli klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Leif Endre Grutle medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Takkofferet kan, i tillegg til kontantar i kyrkje, vippsast til vipps 506908

Les heile saka

Står du i manntalet?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. juli 2021

Onsdag 14.juli legg Surnadal valstyre ut manntalet til stortings- og sametingsvalet 2021, til allment ettersyn. Manntalet vil bli lagt ut på Surnadal kommunehus og på Surnadal kulturhus – biblioteket i 2.etasje, og vil vere tilgjengeleg til og med valdagen, måndag den 13.september. 

Les heile saka