Komande døgn er det finale for laksefisket for i år – søndag kl 24:00 er det definitivt slutt for i år i Toåa for i år. Fisket har den siste tida vore sterkt prega av lita vassføring og dermed vanslege tilhøve for laksefiskarane.
Les heile saka
Komande døgn er det finale for laksefisket for i år – søndag kl 24:00 er det definitivt slutt for i år i Toåa for i år. Fisket har den siste tida vore sterkt prega av lita vassføring og dermed vanslege tilhøve for laksefiskarane.
Les heile sakaPå grunn av tekniske problem, som følge av stor vassføring i Bjøråa, er det innført kokepåbod av drikkevatnet frå Bjøråa vassverk. Dette blir abonnentane informert om i ei tekstmelding frå Surnadal kommune.
Les heile sakaFrå 1.september, går renovasjonsordninga i Surnadal kommune over frå to til fire dunkar, noko som inneber meir sortering av avfallet vårt, og som ein direkte konsekvens av dette, endring i hentedato for dei ulike typane avfall. Denne ordninga er tidlegare innført i mange av kommunane der Remidt har ansvaret for avfallshandteringa.
Les heile sakaEn kan vel slå fast at årets sommerfiskekonkurranse i regi av Surnadal jeger- og fiskeforening som ble arrangert på Nordvik torsdag kveld ble en formidabel suksess. Ola Røe hadde alliert seg med Tore Polden som stilte med selvlaget kanon og svartkrutt, og salutten som åpnet fiskekonkurransen kunne høres i hele nabolaget.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Surnadal kommune no i formiddag, informerer Surnadal kommune om at restriksjonane i bruk av drikkevatn for abonnentane i Sollia vassverk no er oppheva. Grunnen til dette er at tilsiget av grunnvatn har betra seg i løpet av den veka som har gått sidan restriksjonane vart innført, og at det difor er […]
Les heile sakaI går starta arbeidet med å muddre innløpet til båthamna i Sissigrenda. Bjørn Hauglannn som er leiar i Todalen båtforening fortel at utløpet av Toåa dregmed seg masse som legges igjen ved innløpet til båthamna, og dette blir rekna som vedlikehald som må gjerast ein og annan gongen. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som er utøvande entreprenør for dette prosjektet.
Les heile sakaI dag gjekk turen til Krokvatnet, med samkjøring fra Dønnem bedehus. Vel framme parkerte vi ved Alvstusetra, som var i bruk til ca. midten av 1950-tallet. En av deltakerne kunne huske at som jentunge var hun innom og kjøpte rømme mens setra var i drift.
Les heile sakaI går skreiv vi om hunden Natiri som hadde forsvunne, og at eigaren, Anders Mo, ba om tips, dersom nokon hadde sett ho. No kan Anders fortelje at Natiri har kome heim att, og at ho er frisk og rask. Han takkar alle for god hjelp og engasjement med å få Natiri heim att!
Les heile sakaFredag 13. – søndag 15.august arrangerer Surnadalsøra velforening Øramatnan 2021. Velforeninga er glad for at det vart mogleg å kunne arrangere Øramartna i år att, ettersom fjorårets martna måtte avlysast på grunn av koronasituasjonen.
Les heile sakaTysdag 17.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Svarthammaren oppi Knykja. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring. Så går turen til Honnstadkroken for å parkere og deretter går turen opp til Svarthammaren, først etter skogsvegen, og sidan etter ein grei sti heilt opp til Svarthammaren.
Les heile sakaEtter ein kort sommarferie, starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag oppatt tursesongen i går. Første tur i haustsesongen gjekk til Torviksetra. Det vart ein fin tur, sjølv om turmålet låg 370 høgdemeter høgare enn startstaden.
Les heile sakaDet er nok mange som har venta lenge på boka om revy- og teatermiljøet i Surnadal. Det var prata om å lage bok til 40-årsjubileet først på 2000-talet, men det har i allfall vorte utsett til no av ymse årsaker. Sist vart det Covid 19-situasjonen som gjorde at det tok tid før ein kom i gang, fortalete Øyvind Holte på ein pressekonferanse med deltakarane i bokprosjektet.
Øyvind Holte er sjølvsagt sentral i eit slik bokprosjekt, som har vore med heile den 50 år lange perioden med revy- og teateroppsetjingar. Minst like sentral er nok Styrkår Brørs, som heile perioden har vore med som revyforfattar. Styrkår Brørs var nok den sjølvskrivne forfattar av ei slik bok etter som han og har vore med sia starten.