Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå to til fire avfallsdunkar frå 1.september

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. august 2021

Frå 1.september, går renovasjonsordninga i Surnadal kommune over frå to til fire dunkar, noko som inneber meir sortering av avfallet vårt, og som ein direkte konsekvens av dette, endring i hentedato for dei ulike typane avfall. Denne ordninga er tidlegare innført i mange av kommunane der Remidt har ansvaret for avfallshandteringa. 

I slutten av august vil alle husstandar i Surnadal kommune få to nye dunkar, ein til metallavfall og ein til glas og metallemballasje. Frå 1.september betyr dette at det blir fem sorteringskriteriar for sortering av avfallet vårt, fire i dunkar, og plast i pose som i dag. Som ein dirkete konsekvens av dette blir hentedatoane og frekvensen for henting av avfallet endra. 

Nabodeling

Det blir fort mange dunkar med fire på kvar, og for nokon kan det difor vere vanskeleg å få plass til dette. Da kan det vere fornuftig å sjå på om det er mogleg å dele utstyr. Ved å dele av alle dunkane vil ein oppnå nabodelingsrabatt på 15% av normalabonnementet. Det er og mogleg å dele berre nokre av dunkane, men da oppnår ein ikkje nabodelingsrabatt. 

Når ein skal oppnå nabodeling, må det vere lik løysing for matavfall. 

  • Alle partar komposterer og får kvar sine rabattar for kompostering og nabodeling.
  • Alle parter deler dunk for matavfall (og alle andre dunkar) og får rabatt for nabodeling.
  • I tilfeller der ein ønskjer å kompostere og den andre ønskjer matdunk, vil det ikkje bli gjeve rabatt for nabodeling. Kundar som komposterer får rabatt for dette.

For å bestille nabodeling, kan du rykke på lenka: «nabodeling»

Tømmekalender

Den nye tømmekalenderen for resten av året finn du ved å trykke på lenka: «Tømmekalender 2021 – Todalen» 

Informasjonsbrosjyra om den nye ordninga skal ha kome i postkassen denne veka. Du kan og lese brosjyra ved å trykke på lenka: «Ny renovasjonsordning – Surnadal kommune»

Kor ofte blir dei forskjellege dunkane tømt?

  • Matavfall i eigen dunk blir tømt kvar 2.veke
  • Restavfall i eigen dunk blir tømt 4.veke
  • Papp og papir i eigen dunk blir tømt kvar 4.veke
  • Glas- og metallemballasje i eigen dunk blir tømt kvar 6.veke
  • Plastemballasje i eigen sekk blir henta kvar 6.veke

Ny renovasjonsforskrift – dette blir viktig

  • Dunk til matavfall – alle som ikkje har avtale om heimekompostering vil no få utdelt ein eigen dunk til matavfall. Les meir om «matavfall og posar til matavfall»
  • Dunk til glas- og metallemballasje – alle vil no få utdelt ein eigen dunk til glas- og metallemballasje. Les meir om korleis du skal «sortere glas- og metallemballasje»
  • Storleiken på restavfallsdunken avgjer gebyret. Papirdunken kan du velge større enn restavfallet uten å måtte betale ekstra. Matavfall og dunk til glas- og metallemballasje finst i berre ein storleik.
  • Rabatt for nabodeling – Med meir sortering og fleire dunkar, kan det vere fornuftig å ta ein prat med naboen, for å samarbeide om deling av dunkar. Om de samarbeider om større dunkar, får de rabatt på 15% av normalabonnementet. Alle dunker må delast for å få rabatten. Leis meir om «nabodeling»
  • Rabatt for heimekompostering – du får 15% rabatt på normalabonnement ved å inngå avtale om heimekompostering. Du kan delta på eit av Remidt sine digitale kurs med opplæring om kompostering. Deretter skriv du under på ein avtale. Da vil du ikkje få utdelt matavfallsdunk og du får reduksjon i gebyret. Les meir om «heimekompostering»
Publisert: 14. august 2021, 10:49