Tirsdag kommer lokalradioen KSU 24/7 på besøk til Todalen for å lage sending direkte fra Todalen. I tilleg skal dei lage program og opptak som skal sendes på onsdag. Nederst i artikkelen finner du frekvenser du kan lytte til på og link til internettradioen. Det skal sendes fra Matkroken, Todalshytta og fra Kårvatn. Bla videre og følg med på Sommerradioen fra Todalen!
Les heile saka
No lovar yr.no vërforandring – frå onsdag og nokre dagar framover vil det nok bli litt regn, og ei kaldare vêrtype. Det er nok ingen dramatikk i det, for det er nok mange som ønskjer seg litt regn no. Get gjeld nok både for dei som har gras eller andre vekstar som skal vekse, og […]
Les heile saka
Det er fortsatt mange ledige dagar for å kunne leige elsykkel i sommar, for å ta ein sykkeltur rundt i bygda vår. Syklane blir ut- og innlevert på Bordholmen stadion. For å bestille elsykkel, ring 986 11 707.
Les heile saka
No blir det opna for utanlandskae fiskarar – da blir det endeleg full drift, slik vi har planlagt, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Dei første tyskarane er alt på plass og over helga kjem det danskar. Arve er glad for at fleire land har vore «grønne», sjølv om det enno må vaksinepass og koronatestar til for å unngå karantene.
Les heile saka
I dag skreiv vi 1.juli noko som betyr at vi skal stemma fram vinnaren for juni månad. Vi har plukka ut åtte kandidatar som alle er verdige tittelen månadens bilete juni. Stem på det bilete du liker best.
Les heile saka
I går, fredag 2.juli kom Surnadal kommune med nye råd for besøk ved Surnadal sjukeheim i sommar. Surnadal kommune ønakjer at alle følgjer desse besøksråda når dei kjem til Surnadal sjukeheim på besøk.
Les heile saka
Det var i 2015 han starta med trening saman med ein kamerat – han fann fort ut at han trivdes med å trene og halde seg i form. I starten vart det både løping og sykling, men han fann ut at han måtte gjera eit val, og spesialisere seg. Den gongen trivdes han best i sykkelmiljøet, og dermed var valet gjort. – Eg både fekk løst, og vart oppfordra – og når ein held på med noko som er artig, så har det lett for å dra på seg.
Les heile saka
I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian.
Les heile saka
I går var stavgangarane på tur til Nauståfossen. Sverre Kjølstad har sendt oss ein liten rapport frå gårsdagens tur: 38 stavgangere fikk en fin tur til Nauståfossen i dag, med sol fra en skyfri himmel. På tur innover gjekk alle samme vei over myra, men på retur var det valgfritt om en gjekk stien lengre opp, eller samme vei tilbake. Det virket som om gruppen delte seg i to med ganske likt antall hver vei.
Les heile saka
Dette vart over all forventning, sa Jon «Jobus» Husby, etter at livekonserten på Bordholmen var ferdig i ettermiddag. Han meinte sjølvsagt talet på publikum, som vart eit 60-tal med smått og stort. Det vart nok mest stort, for The Invalidos har spesialisert seg på gammeldans som sjanger. – Men musikken var nok meir enn forventa – rett og slett bra. Det trur vi at publikum tykte også, til tross for at Jostu poengterte at kappelmeister Johs Holten var fråverande denne dagen.
Les heile saka
Talgø MøreTre sitt anlegg på Syltøran har ei lang historie, men mykje av utviklinga har skote fart etter at Talgø tok over anlegget i 1997. I dag har anlegget ein arbeidsstokk på rundt 120, og det er investert store summar på den 180 mål store tomta på Syltøran, der Talgø MøreTre brukar rundt 130 mål og butikkane dei resterande 50 mål.
Les heile saka
Her kjem siste nytt om sommarvaksineringa og kva du kan gjere dersom timen din ikkje passar. For dei fleste av oss ute i distrikta er ferieplanlegginga prega av når vi kan forvente å få første dose med koronavaksine.
Les heile saka