Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barnehagar og skular over på grønt nivå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

I kveld hadde Surnadal formannskap eit ekstra formannskapsmøte for å diskutere eventuell forlenging av den lokale forskrifta for  smitteverntiltak. Kommunedirektør Knut Haugen la på møtet fram innstilling om å flytte barnehagar, grunnskulane og vaksenopplæringa over frå gult til grønt nivå. 

Under ser du kommunedirektøren si innstilling:

Screenshot av kommunedirektøren si innstilling til møtet i formannskapet.

Kommuneoverlege Bjørn Buan orienterte formannskape om smittesituasjonen i Surnadal kommune.

Han sa det enno vil kunne bli ein smittetopp i Surnadal kommune, før smitta går nedover att. Han sa også at sjukefråværet i helse- og omsorg er høgt, men han meiner likevel det kan innførast grønt nivå no. Samtidig må det reagerast raskt dersom det skulle oppstå ein ekstraordinær smittesituasjon.

– Nå følger den prosentmessige smitten i Surnadal den nasjonale på rundt 1 prosent per 100.000 innbyggere over 14. dager, sa Buan.

Han meiner det er mogleg å omdirigere personell i kommune dit det trengs, dersom smittesituasjonen skulle tilseie det, slik at til dømes personell i helse og omsorg ikkje slit seg heilt ut.

– Om vi må gjøre omdirigeringer for å utføre lovpålagte tjenester, så kan vi gjøre det, sa han.

Politikerne tek opp situasjonen i skulane dersom det oppstår situasjonar, der lærarane blir sjuke med høgt sjukefråvær, eller om det skulle bli høgt sjukefråvær hos elevane.

Formannskapet vedtok samrøystes å flytte barnehagane, grunnskulane og vaksenopplæringa over på grønt nivå frå klokka 00:00 tysdag 1. februar. Dette inneber at det frå tysdag morgon vil vere normal drift ved alle skulane, inkludert Surnadal videregåande, som har hatt grønt nivå ei stund allereie. 

I morgon klokka 19:00 presenterer regjeringa sine nye nasjonale smitteverntiltak. Her er det venta at regjeringa vil gå for å oppheve mange av dagens smitteverntiltak, og at vi kjem attende til ein meir «normal» kvardag.  

Publisert: 31. januar 2022, 18:59