Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sluttrapport frå SuSu-KOF-samarbeidet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

I ei pressemelding no i dag, får vi presentert sluttrapporten frå SuSu-KOF samarbeidet, som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal kommunar sidan 2013. Målsettinga for SuSu samarbeidet var i si tid å skape nye arbeidsplassar, sikre dei arbeidsplassane som allereie var her, samt fokus på «bo- og blilyst».  
Det er i perioden 2013 – 2021 fordelt 13,2 millionar i SuSu-midlar til 123 bedrifter og tiltak så langt. Det er mange firma og bedrifter som gjennom hjelpa frå SuSu har fått realisert sine prosjekt og planer knytta til kompetanseheving, vekst og utvikling. 

I den eksterne sluttrapporten, som er laga om SuSu-samarbeidet, ser ein at det i perioden 2013 – 2021 er skapt 212 nye arbeidsplassar, samtidig som 510 arbeidsplassar er bevart, båe deler som eit resultat av samarbeid og støtte frå SuSu-samarbeidet. Så SuSu har vore ein viktig aktør for næringslivet både i Sunndal og Surnadal i desse åtte åra. 

I sluttrapporten kan ein og lese om dei lokale bedriftene si økonomiske betydning for samfunnsøkonomien. Til dømes bidreg Talgø MøreTre med 66,4 millionar til samfunnet i løpet av eitt år. I tillegg bidreg Talgø MøreTre til 7 arbeidsplassar hos andre bedrifter/firma og 3,2 millionar i lokal kjøpekraft. Så ein kan trygt seie at Talgø MøteTre, i tillegg til å vere ein viktig og stor lokal arbeidsgjevar, også er ein stor bidragsytar til samfunnsøkonomien. 

Talgø MøreTre sitt økonomiske bidrag i samfunnsøkonomien illustrert på ulike måtar.

No blir SuSu-samarbeidet avslutta og det blir no opp til politikarane å bestemme kursen vidare for næringsutviklingssamarbeidet på Indre Nordmøre.  

Her kan du lese heile sluttrapporten frå SuSu-KOF: Sluttrapport SuSu-KOF

Publisert: 31. januar 2022, 12:07