Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No går toget! – Forslag om nedlegging av Todalen barnehage

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. januar 2022

I sitt saksframlegg til Hovudutval for oppvekst og til Formannskapet, tilrår kommunedirektør Knut Haugen at kriteria for reopning av Todalen barnehage, for barnehageåra 2022/23 og 2023/24, blir endra til 12 plassar for ei eventuell reopning av barnehagen. Dette er ei vesentleg endring i kriteria, i høve til vedtaket som vart gjort 13. desember 2018, der talet vart sett til 5 ungar eller meir. Todalen barnehage er som kjent midlertidig stengt frå hausten 2021 på grunn av for få innsøkte ungar.

Når ein fastsett talet på plassar i ein barnehage, reknar ein kvart barn under 3 år som to plassar, og kvart barn over 3 år som ein plass. Med t.d. ein miks med fire barn under 3 år og fire barn over tre år, blir dette 12 plassar fordelt på åtte barn. 

Ei slik endring av kriteria vil etter alt å dømme bety ei varig nedlegging av Todalen barnehage med dei fødselsratene som er i dag.  Dette kan få store konsekvensane for utviklinga i Todalen og for småbarnsforeldra som bor i Todalen. 

Saka blir behandla i Hovudutval for oppvekst 3. februar, i Formannskapet 4. februar og i Kommunestyret 10. februar.

Det vil difor vere særs viktig at dei som ønsker at det skal vere tilbod om barnehage i Todalen i framtida, søker plass ved Todalen barnehage. Søknadsfristen for barnehageåret 2022/23 (som tek til i august) er 15. februar. Lenke til søknadsskjema: «Søknad om barnehageplass»  

Her kan du lese kommunedirektør Knut Haugen heile si saksutgreiing til Hovudutval for oppvekst: «Sak om nedlegging av Todalen barnehage»

Publisert: 29. januar 2022, 17:38