Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsiktig – Unngå viltpåkjørsel

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2022

Det er mykje rådyr og hjort rundt vegane no om dagen.  Det kan ha fleire årsaker, med beiting på telefri innmark som blir fristande for dyra.  Det er spesielt på Kvennset, i Halagrenda og i Ørsalbukta at det har vore stor trafikk – og mange dyr som passerer over vegane i skyminga eller etter mørkets frambrudd.

Ute på jakt – natt til laurdag passerte gaupa forbi viltkameraet. Ikkje rart at rådyra og hjortane er «på tå hev» for tida!                    Foto frå privat viltkamera

Det er nok enda ei årsak til at rådyra søkjer ned på innmarka – den føler seg kanskje tryggare der på grunn av gauper som trafikkerer i området.  Sist for nokre dagar fikk vi bilete frå Kvennsetlia, der gaupa er foreviga av viltkamera.  Det er i vinter funne fleire rådyr som er drepne av gaupa, så det er vel ikkje rart at dei søkjer seg ned i hagane til folk, der dei kjenner seg trygge?

Det er iallfall lurt å være litt observant og være litt forsiktig når du er ute med bilen på kveldstid. 

 

Publisert: 31. januar 2022, 11:09