Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyheitssak nummer 10 000 på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. juli 2021

Det er no temmeleg nøyaktig 12 år sia Todalen.no såg dagens lys.  Det var 24. august 2009 at Ole Petter Talgø la ut den første saka om «Todalen på nett».  Ole Petter var arkitekten som sørga for web-design av den første nettsida med adresse www.todalen.no.  Nettsida vart til som eit resultat av at Todalen I.L. laga ei eiga jubileumsside til sitt 100-årsjubileum i 2008 – den heitte www.todalenil.net og var operativ i jubileumsåret.  I neste omgang vart det jobba med eit permanent opplegg for ei slik side i «Bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot».  Ei nettside for bygda var eit av fleire prosjekt i denne samanheng – og drog med seg støtte til nettsideprosjektet med knappe  kr 30.000.

Les heile saka

Erik gjorde ein respektfull innsats i varmen

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juli 2021

Erik Kårvatn gjorde innfridde forventningane da han tok ein 7. plass i sin klasse under Skyrunning VM i Fonte Cerreto, L’Aquila i Italia i dag. I dag var det vertikal som stod på programmet, og det var motbakkeløp i ordets rette forstand. Løypa starta på rundt 950 m.o.h. og gjekk 1000 høgdemeter rett opp lia i ei løype på 3,5 km.  Dette er ei ny øving for Erik, og det vart ikkje betre av at det var 33 varmegrader i bakkane opp mot målområdet. Trym Dalset Lødøen kom på 3.-plass og vart beste norske deltakar. 

Les heile saka

Herleg smaklaust på Surnadal kino!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juli 2021

Sjølv om det ikkje akkurat har vore «kinovêr» i det siste, så kjem det no nokre dagar med nedbør og lågare termperaturar. Så da kan det kanskje passe med ein film som har norgespremiere i dag? VG konkluderer med «dårlig smak i verdensklasse» om filmen som har premiere på Surnadal kino fredag 30. juli. Og da er det positivt meint frå avisa… Filmen det gjeld er «I onde dager»

Les heile saka

Lynet slo ut trafo torsdag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juli 2021

Fredag morgon var Svorka på pletten for å skifte ut trafo ved Vestrum/Talgø gård, etter at lyn og torden herja i går kveld. Dette slo ut straumforsyninga til basestasjonen for internett på Talgøsetra/Reiret.  Dermed vart også Kårvatn utan internettkontakt i natt. 

Les heile saka

Endra opningstider ved Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juli 2021

Vi har fått informasjon om endringar i opningstidene ved biblioteket på kulturhuset på Skei. Grunna budsjettkutt, må kulturavdelinga spare pengar på inneverande budsjett. Kultureininga i Surnadal kommune har vorte pålagt, etter måten, store innsparingar dette året. Mellom anna er ei av stillingane ved biblioteket redusert. Ein av konsekvensane av dette er at biblioteket vil ha langt mindre på lønsbudsjettet frå august av, noko som inneber redusert opningstid for biblioteket på kulturhuset. 

Les heile saka

Fjerning av trigonomiske punkt-signal i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. juli 2021

For å kunne kartlegge Norge via flyfoto, vart det på 50- og 60-talet sett opp såkalla trigonomiske punkt-signal (trig.punkt-signal) rundt om i Norge. Desse signala vart sett opp mange plassar, òg langt til fjells. Etter at GPS no heilt og fullt har overteke som hjelpemiddel i slike kartleggingar, har trig.punkt-signala mista funksjonen sin, og Statens kartverk har sett i gang eit prosjekt for å få fjerna dei signala som framleis står. 

Les heile saka

Høgda og varmen blir utfordring for Erik

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. juli 2021

Erik Kårvatn er i Italia for å representere Norge i motbakkeløp og skyrunning i Italia.  Da han og resten av gjengen landa på flyplassen i Roma var det 37 varmegrader, så det er klar at varmen blir ei utfordring.  Faren Gudmund som er i lag med den norske delegasjonen seier at dei no førebur seg så godt dei kan med å balansere inntaket av salt og drikke. 

Les heile saka

Det er ikkje størrelsen det kjem an på!

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. juli 2021

Brørne Hallvard og Odd Magne Haugen var i dag i full gang med å lage nytt tak på uthuset i Steinarstua.  Nye sperrer og nytt ståltak skal på plass og så skal det monterast solcellepanel på takflata mot sør.  Dei to er siste rest av Byggfirma Olav Haugen og dei to einaste tilsette. 

Les heile saka

Ferieprega sykkeltrim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juli 2021

I kveld arrangerte Trimgruppa i Todalen Idrettslag sykkeltrim. Oppmøtet bekrefta vel på mange måtar at det er ferietid og at temperaturen freista meir til andre aktivitetar enn sykling denne kvelden. Men dei som møtte opp og tok turen rundt bygda fekk ein fin tur. 

Les heile saka

Med Jenny på 100-årscruice rundt Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. juli 2021

Det er jammen ikkje enkelt å komme på kva ein skal gje til gammalt folk som har alt.  Bestemor Jenny Kvendset fyller nemleg 100 år i oktober, og barnebarnet Jenny som er berre halvparten så gamal ymta tidlegare i vår frampå om at kanskje ho kunne ønskje seg ein biltur.  I så fall var det kanskje lurt å gjera det medan det var sommarføre. Jo da, Jenny senior responderte positivt på det, men ville tenke litt på turmålet, og det tykte Jenny junior (Stensby) var greitt.  Etter litt fundering var ønskemålet klart, og dei to kunne starte planlegginga for turen som skulle gå Trollheimen rundt.

Les heile saka

Stangvikmålarane med utstilling

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juli 2021

Galleri Bondehuset er glade for å kunne presentere utstillinga Opera Visuale (Visuelle verk) med stangvikmålarane, Anne Grete Kvendset, Rannveig Brøske og Berit Anne Botten Røkkum. Opninga er i forkant av Operakvelden fredag 30.juli kl 17:00.

Les heile saka

Status koronavaksineringa i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juli 2021

Også Surnadal får litt fleire vaksinedosar i vekene som kjem. Dette gjer at alle innbyggjarane i Surnadal kommune vil ha fått første dose ei veke tidlegare enn det som tidlegare har vore estimert. Sjølv om kommunen får fleire soder, så er framleis intervallet mellom første og andre dose 12 veker.

Les heile saka