Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klassequizen 2021 – Surnadal ungdomsskule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. november 2020

I dagens Klassequiz, som vart send på NRK1 Møre og Romsdal no klokka 14:30, oppnådde laget frå Surnadal ungdomsskule 8 poeng. Laget bestod av Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen. 

Les heile saka

Presentasjon av junior- og seniorane i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. november 2020

Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt. 

Les heile saka

Eit landemerke er borte – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. november 2020

Du har nærast kunna sjå den over heile bygda, men no er den borte for godt.  Det er det store lerketreet på Husbybakkan vi snakkar om – i dag måtte det gi seg for overmakta, og gjekk overrende på ein kontrollert måte.  Det var Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som var entreprenørar og som ga det store lerketreet nådestøytet.

Les heile saka

Tidleg julehelsing og dugnadsråd frå kriseleiinga: – siste skanse før nasjonal lockdown

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. november 2020

– Vi er no i starten av andre bølge. Denne bølgen kan føre til at vi nasjonalt blir nødt til å stenge ned. Nokre av tiltaka som no er innførte utgjer dei strengaste tiltaka i verktykassa. Dei siste nasjonale anbefalingane og reglane inneber difor ei bønn frå myndigheitene om å få oss alle med på ein dugnad for å forhindre nasjonal lockdown, skriver kriseleiinga i Surnadal kommune i ei pressemelding tysdag. 

Les heile saka

Presentasjon av aspirantane i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. november 2020

Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei åtte aspirantane i klubben sine prosjekt.

Les heile saka


Trivelege Kløverturar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. november 2020

Dei to første Kløverturane i november har vore lagt til Nordvik; her er det fine turområde og mange vegar og stiar ein kan gå gode turar etter. I tillegg er det solvendt, så haust og vår er det ekstra kjekt å gå tur på Nordvik.

Les heile saka

Koronaviruset jobbar mot oss

Jon Olav Ørsal Måndag 9. november 2020

Koronaviruset jobbar mot oss no, seier ein oppgjeven leiar i Surnadal pensjonistlag, Helge Røv.  Han viser til anbefalingar frå regjeringa som sterkt anbefaler at vi skal ha mindre kontakt, og dei har stramma inn regelverket i fleire byar.  Styret i pensjonistlaget har difor beslutta å avslyse aktivitetane vi har planlagt.

Les heile saka

Presisjonsskyttarar med pil og boge – trenar på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Sundag 8. november 2020

Dei er ikkje så mange, men vi er imponert over resultatet dei presterer.  Surnadal Bueskytterklubb kan ikkje skryte av at dei har så mange aktive, men dei to som er aktive på heilårsbasis hevdar seg iallfall bra.  Christian Madaus og Hans Torslett driv aktivt og trenar kvar veke på den sporten dei trives så godt med – bogeskyting.  Tidlegare har dei drive øving i gymsalen på ungdomsskulen, men i samband med ombygging og nybygging på skuleområdet så vart dei «kasta ut» på kort varsel.

Les heile saka

Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 9. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Plana er å gå frå Rabbleet og utover til Haltbakkan. Alle er velkomne til å blir med ut på tur!

Les heile saka

Todalingen – ein forløpar til todalen.no

Guro Redalen Laurdag 7. november 2020

I oppryddinga av tidlegare praktverk (òg kjent som arbeidsbøker til ymse 4H-oppgåver …) dukka det opp ei utgåve av den svært lokale avisa Todalingen. Dette var ei avis som inneheldt lokalt stoff slik som referat frå fotballkampar, kryssord, Lailas morohjørnet, spørjespalte og intervju med sambygdingar. Kort sagt ei nyheitsperle som fleire bør få sjansen til […]

Les heile saka

Senioruniversitetet – AVLYSER/UTSETT

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. november 2020

Det planlagde møtet i Indre Nordmøre senioruniversitet med Audun Aas om «Smertelindring» på Surnadal kulturhus torsdag 12.november er avlyst/utsett grunna Koronarestriksjonane. 

Les heile saka