Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presisjonsskyttarar med pil og boge – trenar på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Sundag 8. november 2020

Dei er ikkje så mange, men vi er imponert over resultatet dei presterer.  Surnadal Bueskytterklubb kan ikkje skryte av at dei har så mange aktive, men dei to som er aktive på heilårsbasis hevdar seg iallfall bra.  Christian Madaus og Hans Torslett driv aktivt og trenar kvar veke på den sporten dei trives så godt med – bogeskyting.  Tidlegare har dei drive øving i gymsalen på ungdomsskulen, men i samband med ombygging og nybygging på skuleområdet så vart dei «kasta ut» på kort varsel.

Treffer blinken! Hans torslett har sikra seg fleire medaljer i bogeskyting. Foto: Jon Olav Ørsal

Da var gode råd dyre, og dei forhørte seg litt på Talgø om dei kunne drive litt skyteøving i elementfabrikken på kveldstid. På Talgø fikk dei faktisk eit enda betre tilbod – på gammelfabrikken i Brysetmarka er det no ein heil etasje som står ledig og her fekk dei tilbod om å legge skytetreninga.  – Her har vi det som plommen i egget seier dei to.  Søndag kveld stakk vi innom for å sjå korleis dei hadde innretta seg og har var det laga skytebane med 18 meters hold, som er standard for innendørsbanar.  Her er det også både varme og lys og skivemattene og blinkane kan stå urørte mellom kvar treningskveld.  Dette er verkeleg bra og vi er djupt tekknemlege, seier dei to som vidare fortel at det er Kristiansund som er næraste alterntivet.  Der har vi fått tilbod om å trene i lag med Goma ILs bueskyttergruppe. 

Som sagt er vi 2 aktive på helårsbasis, men på sommars tid er det 3-4 til som driv når vi har tilhald utendørs.  Da skyter vi på 50 meters hald på barebow – men kan også ha langhold heilt opp til 70-90 meter.  men når vi skyt på dyrefigurar er det kortare hald – faktisk frå 5 til 30 meter.  Du trur kanskje at dette er ein dyr sport, men det er ikkje så gale.  Komplett buesett kostar imidlertid frå 4000 og oppover, og pilar frå 150 og oppover pr stk. Men dette er utstyr som varer og som du kan bruke lenge. Vi har intrykk av at det stadig blir fleire som driv med bogeskyting, og dei 2 kan godt tenke seg at fleire blir med lokalt også. 

På gammelfabrikken har dei to ypperleg treningstilhøve – med 18 meter innandørs bane. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to deltek mest på stemne rundt om kring i Midt-Norge – Kristiansund, Røros, Harøy, Trondheim og så Lillehammer da.  Hans vart forresten Midt-Norsk meister på skive i Kristiansund (utendørs), og fikk 2.-plass på 3D (figurar) i same slengen.  For Hans sin del har det faktisk dreid seg om skyting som hobby heilt sia 1988.  Først var det mest pistolskyting og svartkruttskyting, der han har hevda seg godt. Siste år stilte han i 8 klassar, og tok 6 medaljer i NM – sama året tok han også 4 medaljer i Nordisk i Finland.  Totalt har Hans delteke i 10 nordiske meisterksp og resultatet er fleire medalje.  Bra plasseringar kan han også skilte med frå EM og VM

Men no er det altså mest bogeskyting det går på.  Hans har drive mykje åleine tidlegare, og tykkjer det no er mykje artigare når han har nokon å trene i lag med. Vi spør korleis det er å skaffe seg sponsorar når ein driv slik.  – Vi er ikkje komne dit enno, gliser Hans og Christian, men det får vi prøve å jobbe litt med etterkvart.  – Men vi setter iallfall umåteleg stor pris på at Talgø stiller med flotte trensingslokale her på Gammelfabrikken, seier dei to som er tilsette i Talgø Møretre i Surnadal. 

Kaffepause – Christian Madaus hadde med seg farsdagskake og servert kaffe denne dagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Litt spreiing på denne serien kostaterer Christian Madaus. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 8. november 2020, 18:00