Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit landemerke er borte – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. november 2020

Du har nærast kunna sjå den over heile bygda, men no er den borte for godt.  Det er det store lerketreet på Husbybakkan vi snakkar om – i dag måtte det gi seg for overmakta, og gjekk overrende på ein kontrollert måte.  Det var Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som var entreprenørar og som ga det store lerketreet nådestøytet.

Gunnar Nordvik og lars Kvendset tok jobben med å felle det store lerketreet. Her lages det felling. Foto: Jon Olav Ørsal

Den store lerka begynte å bli såpass stor at nabolaget på Husby etter kvart vart bekymra for at den skulle ga overende ei stormnatt – og dermed gjere skade på hus og heim.  Gudmund Husby, som var eigarmann for den store lerka, trudde den var minst hundre år.  Men årringane vitnar om at den vart rundt nitti år.  – Dei mange årringane vitnar om både gode og mindre gode vekstsesongar, for det er stor forskjell på årringane, men dei fortel at lerka vart planta der utpå Husbybakkan på 1930-talet. 

Den store lerka var eit landemerke, der ho sto utpå Husbybakkan. Foto: Jon Olav Ørsal

Gudmund Husby rekna med at lerka var minst 100 år, men da årringane var synlege kunne vi sjå at det var rundt 90 årringar. Foto: Jon Olav Ørsal

– Hugsar forresten at lerka var stor alt på 60-talet, og oppgjennom åra er det nok mange mødre som har bruka mange slags lokkemiddel for å få sine håpefulle nedatt frå sine klatreekspedisjonar opp mot toppen av lerka. Men no er altså denne faren eliminert, da Gunnar Nordvik og Lars Kvendset sørga for at lerketreet gikk i bakkan i morgontimane sist onsdag.  No blir det nok litt ved av det store treet, men Gunnar Nordvik fortalte at dei største stokkane nok blir skurtømmer og kan dermed bli til litt av kvart. 

Husbylerka i vekt, volum og energi

Vi har rekna litt på lerka som stod på Husbybakkan.  Det var knytt stor spenning til kor langt treet var – målbandet viste heile 29 meter frå topp til tå, og med ein diameter på trotsstokken på 87,5 cm så er volomet på grunnstammen på lerka heile 8,8 m3.  «Drodler» vi litt med dette talet og rekanr 540 kg pr m3 så er heile stokken ca 4.750 kg.  Total enegi i stokken blir da 24.600 kWh basert på 2760 kWh pr m3.  

Bildegalleri frå fellinga av lerketreet på Husby-bakkan.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. november 2020, 11:46