Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronaviruset jobbar mot oss

Jon Olav Ørsal Måndag 9. november 2020

Koronaviruset jobbar mot oss no, seier ein oppgjeven leiar i Surnadal pensjonistlag, Helge Røv.  Han viser til anbefalingar frå regjeringa som sterkt anbefaler at vi skal ha mindre kontakt, og dei har stramma inn regelverket i fleire byar.  Styret i pensjonistlaget har difor beslutta å avslyse aktivitetane vi har planlagt. 

Det gjeld quiz-kveldane – den første fredag 13. november og vårt årvisse julebord som var tillyst laurdag 28. november.  Dette må vi berre avlyse!  Når det gjeld fredagssamlinga vår på Frivilligsentralen vil den første komande fredag (13.11.) bli stengt og vi vil også stenge midlertidig for komande fredagar. 

Dette tykkje vi sjølvsagt er synd, men vi må være med på den nasjonale dugnaden til koronasituasjonen er over eller finn si løysing.  Så vi får berre oppfordre til å finne ei god bok, eller andre aktivitetar som du likar, seier Røv, som øønskjer alle ein fin førjulstid.  

 

Publisert: 9. november 2020, 18:00