Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Siste avgang 23:35 fra Rykkjem mandag 13. desember og første avgang fra Kvanne 05:15 tirsdag 14. desember vil bli innstilt på grunn av kaiarbeid på Kvanne natt til tirsdag. Ellers går ferja i ordinær rute.

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Siste avgang 23:35 fra Rykkjem mandag 13. desember og første avgang fra Kvanne 05:15 tirsdag 14. desember vil bli innstilt på grunn av kaiarbeid på Kvanne natt til tirsdag. Ellers går ferja i ordinær rute.
Svorka har hatt eit straumutfall i retning Todalen frå kl 18.33 i søndag kveld. Det vart straks sett i gang søk etter feilen, og temmeleg nøyaktig kl 23 var strumforsyninga som normal igjen etter ca 4,5 timar. Svorka hadde problem med å finne feilen på linja, men vi reknar med at det var trefall etter som feilen kom med mildvêret.
Les heile sakaEndeleg kom dagen som så mange har venta på! Medan kuldegradane og snøkanonane har laga ein skikkeleg såle i alpinbakken er det nok mange som har venta med lengsel etter å få ski på beina og kome seg ut i bakkan. I dag opna Surnadal Alpinsenter for sesongen.
Les heile sakaDet lukta godt av julemat da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag. Stian Evensen som er julebordskokk på hytta var i full gang med mat til kveldens julebord på Todalshytta. Det vil seie at kveldens gjestar vert servert ribbe med tilbhør – eller rettare sagt ein juletallerken, med jule pølse, medisterkake, og heimelaga surkål og rødkål og heimelaga ribbesaus. Høres det ikkje godt ut da?
Les heile sakaIdrettslaget Søya er tildelt Nordmøre og Romsdal Fotballkrets sin «Fair play»-pris for 2021. på 10.000 kroner. Søya fekk også denne prisen i 2012, så det er tydeleg at klubben gjer eit godt arbeid. «Fair play»-prisen blir delt ut til ein klubb i kvar av dei 18 fotballkretsane i Norge kvart år. Vi gratulerer Idrettslaget Søya med den gjeve prisen.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Surnadal kommune blir vi informert om at det er påvist smitte hos ein tilsett ved Surnadal legesenter, men gode smittevernrutinar ser ut til å ha forhindra vidare smitte.
Les heile sakaMesta fortsett arbeidet som Mikkelsen Maskin starta på Nordvik. No foregår sikringsarbeidet frå Øygarden og i retning Todalen. Etter asfgaltarbeidet for to-tre år sia er det høge asfaltkantar, der det har vore ei rekkje utforkjøringar. No blir dette retta på….
Les heile sakaMåndag 13. desember klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med sjølv.
Les heile sakaMed bakgrunn i dei nye smitteverntiltaka, som vart presentert tysdag, og etter samråd med lokale helsemyndigheiter, har Todalen Idrettslag bestemt at Hett & Svett skal halde ope, nesten som normalt, men med nokre viktige smitteverntiltak. Todalen Idrettslag håper at brukarane følgjer desse smitteverntiltaka, slik at ein slepp å iverksette ytterlegare tiltak eller rett og slett må stengast.
Les heile sakaI ei melding frå Kristian Ranes no i kveld, har vi fått beskjed om at annonserte «Bøy og tøy» torsdag 9. desember må avlysast. Dette er ein direkte konsekvens av koronasituasjonen og dei nye smitteverntiltaka i samband med dette.
Les heile sakaI ei pressemelding no seint på føremiddagen, informerer Todalen Sokneråd om at søndagens julekonsert med «Prosjekt 17»-koret må avlysast. Dette er eit direkte resultat av dei nye nye nasjonale smitteverntiltaka, som regjeringa offentleggjorde i går kveld. Både Todalen Soknerådet og «Prosjekt 17»-koret beklagar avlysinga, men understrekar at det er viktig å følgje nasjonale smitteverntiltak.
Les heile sakaI går kveld kom regjeringa med nye nasjonale smitterverntiltak. Styret i Todalen Idrettslag har med bakgrunn i desse tilpassa drifta si til dei nye smitteverntiltaka. Dette inneber at «Revyfesta» 3.juledag (27. desember) blir avlyst, medan «Romjulsmarsjen» går som normalt!
Les heile saka