Natt til søndag er tida kome for å stille om til sommartid igjen. Nærare bestemt kl 2 på natta skal du flytte klokka fram til kl 3 for å være heilt nøyaktig. Det er no mange som spekulerer på om klakka skal stilles attover eller framover. Her er det ein enkel regel at klokka skal stilles mot sommaren både på våren og på hausten – det er lett å hugse.
Les heile saka
Er du heldig så kan du no finne gevir som hjortane har felt. Kristian Gjeldnes var ute på trimtur til Hyllå (Eller Ja-benken om du vil) og fann da eit flott gevir i ekkerkanten innafor Husby.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. NB! Merk datoen!
Les heile saka
Tyrsdag 29. mars klokka 19:00 kjem forfattar Helge Husby til Kveldheim i Bøfjorden for å lansere boka «Slaget i Gratangen 25. april 1940 – Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig», som han har skrive. Husby dokumentert eit av dei mest gripande kapitla i norsk soldathistorie. Under boklanseringa vil Husby halde eit bildeforedrag.
Les heile saka
Vi spekuulerte litt på kva som foregikk når Mesta troppa opp med gravemaskin og gule blinklys ved avkjøringa til Bekkerhagan og Lauvåskogan. Men det var ikkje meir mystisk enn at dei monterte fundament til nye skilt som skal opp attmed vegen.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr opplever ei positiv utvikling, og treng fleire tilsette. Dei lyser difor ut minimum 50% stilling som medarbeidar ved butikken på Kårvatn. Den daglege drifta er tredelt, med butikkdrift, webshop og sal til andre butikkar (import/distribusjon). Stillinga er i første omgang tidsbegrensa til eitt år, men med gode moglegheiter for fast tilsetting etter dette.
Les heile saka
Onsdag 30. mars kjem Ole Kristian Stokke til ope møte i Surnadal demensforening og helselag. Da vil han fortel om korleis han og kona Guro taklar kvardagen etter at ho fekk demensdiagnosen for 11 år sia. I 2018 fekk dei to demensprisen for Møre og Romsdal på grunn av at dei har vore så opne og fortalt om korleis Guros diagnose har påverka livet deira.
Les heile saka
Det var Norsk kvalitetsmat som fikk Sparebank1 Nordmøres Utviklingspris for 2021. Prisen var delt ut under Næringslivsdagen som i dag vart arrangert i Surnadal. Det er 21. gong at den gjeve prisen vart delt ut, ein pris som er til stor inspirasjon for næringslivet, lag og organisasjonar. – I fjord var det Sanitetskvinnene som var heidra med prisen for sin innsats i samband med coronapandemien
Les heile saka
Det er akkurat no manuell dirigering med ledebil gjennom Svinviktunnelen. Vi har som vanleg ikkje fått informasjon om kva som er grunnen til dette, men det er lurt å legge inn litt ekstra tid, dersom ein skal nå ferge eller timeavtale. Vi har heller ikkje fått informasjon om kor lenge det vil vere manuell dirigering gjennom tunnelen.
Les heile saka
Trudde du kanskje vi hadde glemt månadens bilete kåringa for februar? Å vaddesålekt, her kjem sju fine bileter du kan stemma på denne gongen.
Les heile saka
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for andre kvartal, inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Andre kvartal strekker seg frå 1. april – 30. juni. Tømmekalenderen for tredje kvartal, vil bli lagt inn siste halvdel av juni månad.
Les heile saka
Onsdag 30. mars inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile saka