Todalen Grendalag står som initiativtakar og arrangør av den flotte julegata på Kvennset i samarbeid med Talgø og Matkroken Todalen som også er med på lyssettinga. Det var mange som trossa dei 15 kuldegradane og møtte opp for å være med på tenninga av julegata som skjedde søndag kveld – presis kl 18.
Les heile saka
I helga har det nok vorte lys i mange julegraner rundt omkring i distriktet. Her i bygda er det første arrangementet ferdig medan det neste ventar sinare mot kveld. I Bekkerhagen bustadfelt har dei eigen julepåle som det etter kvart har vorte tradisjon å tenne lysa på.
Les heile saka
Medlemmer av Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, har dei siste dagane nytta kaldvêret til å lage skeiseis på Bordholmen. Todalen Idrettslag har bestilt nye ishockeyvant, men desse er ikkje på plass enda, så foreløpig er det berre skeiseis utan ishockeyvant.
Les heile saka
Utstillinga «Tussmørkre» som opna lørdag ettermiddag er den siste utstillinga som Surnadal kunstforening arrangerer i jubileumsåret. Her er det til saman 10 utstillarar som stiller 41 bilder og 3 skulpturar. Det var Mette Sæter Ormset som opna utstillinga og bandet Alex Trio kasta glans over arrangementet med musikalske innslag.
Les heile saka
I dag hadde medlemmer frå Start 4H rigga seg til med salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei selde kornband. Sal av kornband har, etter kvart, blitt ein tradisjon i Start 4H, og noko dei har gjort i mange år no. Gradestokken viste fleire blå grader, så det var ei klar påminning om at småfuglane treng litt ekstra godsaker no når det går mot full vinter og mørketid.
Les heile saka
Vi har i haust opplevd at straumen har vore dyrare i Sør-Noreg enn i Midt-Noreg – faktisk 5-6 gonger så dyr. Sist fredag var det også straumsjokk her i Midt-Noreg – med prisar på same nivå som Sør-Noreg – faktisk ti gonger så dyr som førre laurdag.
Les heile saka
Så snart vi kunne måle kuldegrader på gradestokken så var snøproduksjonen i gang i Surnadal Alpinsenter i Sæterlia. Fredag var det snøprodksjon i gang og dersom den kalde vêrtypen held, så blir det nok snøproduksjon nokre dagar.
Les heile saka
Gudmund Kårvatn og Olve Børmark fortel at det har vore spesielt hektisk denne veka, som nok er prega av både Black Week, Black Friday og sjølvsagt sett nok julehandelen etter kvart preg på aktivitetane både i butikken og i nettbutikken. No er det altså heilsvarte dagar med 25% på det meste av sortimentet – med visse unntak.
Les heile saka
I morgon (laurdag) vil medlemmer frå Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, for å selje kornband. Kornbandsalet går føre seg i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 15:00. Start 4H ønskjer alle velkomne innom standen sin, for å kjøpe kornband eller slå av ein prat!
Les heile saka
Søndag 28. november, frå klokka 18:00, er det tenning av, den etterkvart tradisjonelle, julegata til Todalen Grendalag mellom Matkroken Todalen og Talgø. Tenninga av julegata går føre seg utanfor Matkroken Todalen. Det blir sal av lodd i Grendalaget sitt «Julegatelotteri», som har trekning seinare søndag kveld. Grendalaget spanderer kaffe og bollar på dei vaksne og gløgg til ungane. Grendalaget har også gjort avtale med nissen, og han har lova å ta ein tur, så kanskje vankar det ei lita førjulsoverrasking?
Les heile saka
Lørdag 27.11. kl 13:00 er det høytidelig åpning av medlemsutstillingen «Tussmørkre» i Galleri Finstuå, der det blir musikalsk innslag med ALEX TRIO.
Les heile saka
Komande onsdag, 1. desember kl 18 er det storstila julegrantenning i Trudvangkrysset i Brusetmarka. Dei har invitert heile «Øverbygda», frå Brusetbrua og oppover til Kårvatn. Som vanleg blir det nok traktering med gløgg og vanleg tilbhør.