Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elvis til Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. juni 2022

Eller rettare sagt, det nærmeste du kjem originalen: Kjell Elvis held konsert på Surnadal kulturhus tysdag 14. juni kl. 19:00. Kjell Elvis både ser og høyres ut som «The King». Men han har også det som berre eit få artistar ha; ein spontanitet og ei utstråling som fangar og beigeistrar eit breitt publikum. Dette kombinert med stor evne til å «gripe øyeblikket» gjer konsertane hans til særs varme og gode lpplevingar for publikum. 

Det heile tok til i byrjinga av 7-års-alderen, da han såg Elvis synge «Love Me Tender» på TV for første gong. Meir enn tretti år seinare er kjærleiken like sterk. Sjølv om «Kongen» sjølv har vore død i mange år, held Kjell Elvis magien ved like. Når publikum lukkar augene, skal dei høyre Elvis. Når dei opnar augene, skal dei sjå Elvis. 19 år gamal tok han til å arbeide målretta for å realisere fraumen om å «bli» Elvis. All fritid gjekk med til å trene stemmebruk og dansetrinn. 

Det endelege gjennombotet kom i 1997 med ein TV-reportasje som vart vist på dei største TV-kanalene i Norden og i Tyskland. Over natta vart han kjent, og karriera skaut for alvor fart. Kjell Elvis har opptredd i mange TV program og TV show over heile Europa. Også i USA har Kjell Elvis stått på scena fleire gonger, og han har møtt fleire av Elvis sine musikarar og vener.

I likheit med Elvis, liker også Kjell Elvis særs godt å synge gospelsongar, og han opptrer også i kyrkjer og menigheitshus med dei kjente og kjære Gospel-låtene som Elvis song. Han gjer konsertar på utestader, på bedrifter, for jubilantar, bryllaup, festivalar, kyrkjer og menigheitshus, sjukeheimar og andre institusjonar.

Kjell Elvis skaper eit forrykande show, høg stemning og magi!

Det er Surnadal demensforening og helselag som arrangerer konserten, og dei har fått støtte frå Den kulturelle spaserstokken (Møre og Romsdal fylke) til arrangementet.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 9. juni 2022, 12:11