Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er på Halset det foregår….

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2022

Det er stor aktivitet innafor fjøset i nestua på Halset.  I ein lift er det eit par mann som jobbar på Telia-basen, og eit rindalsfirma jobbar med å få på plass forskaling og klargjering for stauping av fjøsmurar.  Her skal fjøset forlenges for å gje plass til mjølkerobot og ny oppgradert basestasjon for Telia.

Trondheimsfirmaet driv med oppgradering aav basestasjonen for Telia – no blir basen klargjort for 5G i første omgang. Foto Jon Olav Ørsal

Håvard Halset som er drivar i dag  fortel at han investerer for å få ein lettare kvardag – meir lettvint for å spare både tid og for å redusere dei tunge taka.  I det nye fjøsbygget skal det altså monterast ein ny mjølkerobot som skal ta i mot kvoten på 180.000 liter som han har kvote på. Elles blir fjøset oppgradert for å fylle krava til lausdrift som kjem i 2034 og krav om eigen kalvingsbinge og eigen sjukebinge som kjem i 2024. 

Truls Møkkelgård frå rindalsfirmaet Rindal Mur og betong, har grunnarbeidet på fjøsbygget. Foto Jon Olav Ørsal

I samband med ombygginga av fjøset blir det også gjort ei oppgradering på Telias base for mobilnett.  Her blir det no montert oppgradert utstyr som både har større rekkevidde og er litt raskare – basen blir og klargjort for oppgradering til 5G hevdar Telia.  Det er er par mann frå firmaet Vinde Tilkomstteknikk frå Trondheim som har den jobben. 

Nestua på Halset – her kjem tilbygg til fjøset for å huse ny mjølkerobot og anna utstyr. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 9. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 8. juni 2022, 15:57