Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya – Surnadal 2

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. juni 2022

Torsdag kveld var det duka for eit godt gamaldags lokaloppgjer på Søyabanen, da Søya sitt 6. divisjonslag fekk besøk av nabo Surnadal 2 til seriekamp. Mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret, som vart spela i skikkeleg fint vêr på ei perfekt grasmatte. 

Farleg corner for Søya, men det vart ikkje noko teljande resultat av den. Foto: B G Ansnes

Heimelaget tok kommandoen frå første spark på ballen, og ga den aldri frå seg att etter dette. 

Nok ein farleg corner, men heller ikkje denne gongen vart det noko teljande resultat. Foto: B G Ansnes

Søya skapte fleire halvsjansar i første halvdel av første omgang, men avslutningane gjekk for det meste over mål. 20 minutt ut i kampen kom Jostein Kvendset åleine mot keeper, men greidde ikkje å overliste han. Surnadal 2 hadde sin største og einaste verkelege målsjans etter 23 minutt av første omgang, men Mattis Fiske i søyaburet redda skotet til corner. I det 31 minutt kom omgangens einaste scoring, da Erling Belsås, etter eit godt angrep, sette ballen i mål. Stillinga til pause vart dermed 1 – 0. 

Søya vann sjansestatistikken suverent. Foto: B G Ansnes

I andre omgang var kampbildet det same. Søya var laget som hadde ballen mest, og til slutt kom utteljinga i form av scoringar også. I det 64 minutt auka Jostein Kvendset til 2 – 0. 

Nok ein sjanse. Foto: B G Ansnes

Like etter sette ein surnadalspelar ballen i eige mål, men dommar Eirik H. Furu annulerte målet for offside, noko det ikkje var mange som forstod så mykje av, men annulert vart den. Like etter, i det 70. munutt sette Henrik Melkild inn 3 – 0, før brødrene Dan og Trond blekken, i det 82. og 90. minutt scora 4 og 5 – 0. 

Mange hadde møtt fram for å sjå lokaloppgjeret i finvêret. Foto: B G Ansnes

Heimelaget hadde som sagt full kontroll gjennom heile kampen, og 5 – 0 var ikkje eit mål for mykje i høve til spel og sjansar. 

Allereie neste torsdag er det duka for returoppgjer, og da på Syltøran stadion klokka 19:00!  

Publisert: 9. juni 2022, 21:20