Tysdag 4. januar mellom klokka 17:30 – 18:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Les heile saka
Vi har fått ei lita oppdatering frå trimfronten i Todalen frå leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag og tidlegare skribent her på Todalen.no, Elinor Bolme. Ho skriv: – I dag fekk vi registrering nr 1000 i trimturappen for Toaå Tursti etter oppstarten 1. oktober. Vi er no i desse dagar snart oppe i 3000 registreingar fordelt på 102 aktive trimarar. Todalingane er med andre ord gode på å halde seg i form!
Les heile saka
Da vi gikk inn i det nye året ved midnatt på nyttårskvelden var det ei skikkeleg markering med fyrverkeri. Vi prøvde å fange inn noen glimt, men var nok litt for lite førebudd på slike opptak. Litt rå luft og litt skytoppar her og der sette iallfall ein ekstra spiss på det flotte fyrverkeriet vi fikk oppleve nokre minutt rundt midnatt.
Les heile saka
Tida er komen for å seie godt nyttår til kvarande. Her på portalen er det 13. gongen vi helsar godt nyttår til lesarane våre , og det gjer vi med friskt mot denne gongen og. Vi har tru på framtida, sjølv om lesartala har ei liten tilbakegang i år, for det har sin heilt klare årsak. Pandemiden som har påvirka livet til oss alle, har snart halde det i gong i to år, og det ser ikkje ut som vi er ferdige med det aller første.
Les heile saka
Laurdag 11. desember vart ein merkedag for Odd Arne Vikavoll, som var på hjortejakt i terrenget opp mot Åsbøsnyta – eller snipen som er det lokale namnet på området. Odd Arne hadde baska seg opp lia i djupsnøen for å plasserte seg på post – heilt oppunder hamrane. Der måtte han vente heilt til jagarane kom – og dei hadde med seg ein velvaksen luring.
Les heile saka
I haust har den nystarta ishockeyklubben Surnadal Blades investert mykje i ishockeyvant og anna utstyr, for å kunne lage ishockeybane på Øye stadion. Øye stadion ligg rett ovanfor den nye barne- og ungdomsskulen på Øye, og plana er at elevane ved skulen kan nytte ishockeybanen på dagtid, i friminutta og gymtimane, medan klubben sjølv disponerer tida på kveldstid.
Les heile saka
Lokal smittestatus pr 29.12: Kommunen fekk i går melding om 5 nye bekrefta smittetilfelle med positive PCR-prøvar. Smittetilfella er knytt til reiser og julebesøk og utgjer ikkje ei einsarta gruppe. Vi avventar svar på nokre fleire PCR-testar innan nyttår. Einingsleiar Gunn Bredesen i Helse og familie, opplyser at folk er kjøle flinke til både å teste seg og til å varsle ved positiv hurtigtest. Dette gjer at vi per i dag har oversikt og kontroll på smittesituasjonen i vår kommune, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding.
Les heile saka
Driftsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, kan tidleg i ettermiddag melde at det er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er gode forhold for å gå på ski i heile traseen i lysløypa kan han fortelje.
Les heile saka
I middagstida i dag, vart det gjennomført trekning i Trimgruppa i Todalen Idrettslag sitt «Romjulsmarsjlotteriet». Det var Jenny Stensby, Lars H. Kvendset og Ståle Ansnes som gjennomførte trekninga på vegne av Trimgruppa. Det var heile 10 gevinstar gjeve av lokalt næringsliv, og det var selt 766 lodd.
Les heile saka
Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd traisjon i Todalen – tradisjonelt har det vore to «gløggstasjonar» – på Bruset og på Sandstad – med registrering, og med utdeling av medaljer som eit synleg bevis for deltaking. I år er opplegget endra, og sjølvsagt tilpassa situasjonen med smittefare for covid-19, og det gjorde ein forskjell som kanskje ga årets Romjulsmarsj rekorddeltaking. Tilsaman vart det 165 deltakarar, pluss 2 hestar og eit utall hundar – noko TILs trimgruppe er godt nøgd med.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag melder at traseen i Toåa tursti no er klar til «Romjulsmarsjen 2021», som går av stabelen i morgon mellom klokka 12:00 og 15:00. Traseen vart i kveld køyrt opp med scooter, og det blir meldt at forholda for å gå på tur skal vere ganske bra.
Les heile saka
«Unngå terreng brattere enn 30 grader med mye nysnø og utløpsområder under og etter snøfallet til nysnøen har stabilisert seg» er budskapet fra www.varsom.no, som er ansvarlige for det nettbaserte skredvarselet.
Les heile saka