Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

AD UNDAS med konsert i Svinviks arboret – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2022

I sommar er vokaltrioen AD UNDAS på ein seksdagers turne på Nordvestlandet og i Trøndelag – mellom anna stikk dei innom Svinviks arboret for å halde konsert fredag 8. juli med konsertstart kl 19. I innbydinga skriv dei at di byr på ei annlleis konsertoppleving som passar både store og små. I arboretet har dei budd seg på at det kan bli litt nedbør, så både artistar og publikum får tak over hovudet under konserten.  

I sommar turnerer dei med “Stier av gull”, ein konsert bunden saman av små forteljingar om folk og levd liv. Temaet denne gongen er livsval og dei mange retningane som vi menneske vel oss i livet, eller stiar vi hamnar på. Det finst ikkje ein veg som er rett for alle, er bodskapet dei prøvar å formidle. Dramaturgisk nyttar dei bilete frå naturen, eldre tider og spennande historier om folk og skjebnar.

Dei tre i Ad Undas er: Marte Fillan (Trondheim), Margrete Wilhelmsen (Mandal) og Sunniva Fossly (Hallingdal) Foto: Ad Undas

Alt i alt byr dei på ei magisk og litt annleis konsertoppleving som passar både store og små. AD UNDAS består av Marte Fillan (Trondheim), Margrete Wilhelmsen (Mandal) og Sunniva Fossly (Hallingdal). Vi kan da vel røpe at Sunniva er sambuar med Jan Vidar Øyen, og at dei bur på Volda. 

Her er linkar til ting som AD UNDAS har gjort tidlegare:
Min Pipa – https://www.youtube.com/watch? v = BM5DMQ_xzZQ
Scarborough Fair – https://www.youtube.com/watch? v=EyzOSeev9xI
Konserten kostar 200,- for vaksne og 100,- for ungar

Her finn du plakaten for konserten i arboretet:  

Først publisert: 29. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 9. juli 2022, 08:11