Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jonsokfest i kyrkja

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juni 2022

På jonsokdagen 24. juni vart den førtiande «Jonsvaka» (sia 1982) arrangert i Åsskard-kyrkja. Kor, solistar, musikarar og stappfullt hus sørga for ei fulltonande jonsokfest.
Etter biletkåseri med tilbakeblikk på 40 års historie og ein triveleg kaffepause kom konserten «Tonar til alle tider». Tittelen viste til musikk som på ymse måtar knyter seg til årstidene og til døgnets faser, til høgtidene i kyrkjeåret frå advent til pinse og til mange hundre års kulturhistorie.

Jonsvaka starta med biletkåseri – og som vi ser, for fulle benkar. (Foto: Ebba Ringmar)

Dyktige utøvarar
Solistane Erik Rosenius, Turid Røen Kroknes og Sigrid Bøe serverte musikk av Bach, Grieg og andre store komponistar. Eit profesjonelt ensemble med Ebba Ringmar (obo), Åse Våg Aaknes
og Synnøve Hammervold (fiolin), Anne Våg Aaknes (bratsj), Eivin Rossbach Heier (cello) og Tor Strand (orgel og piano) gav strålande tonefølgje.

Ola Bræin formidlar folketonar på ein måte som ingen annan evnar å få til. (Foto: Privat)

Munnspeltonar frå og til folkets sjel
Eit høgdepunkt i konserten var Ola Bræin si lekre avdeling med lokal folkemusikk – tonar som hans far Edvard i si tid henta fram frå folkesjela og bevarte på notar for ettertida.
Grieg-tonar
Sigrid er glad i Edvard Grieg og delte mange av hans perler med publikum: Den friske «Blåbærli» frå Haugtussa-songane, «Solveigs Sang» og finalescena «Solveigs Vuggevise» frå Peer Gynt-
musikken. Her deltok også koret med «Påskesalme» i vekselsong med solisten.

Erik og Sigrid i ein duett frå Larssons «Förklädd gud». (Foto: Privat)

Juletid og Landkjenning
Etter fleire solosongar og duettar med Sigrid, Turid og Erik kom to større verk for kor, solistar og orkester. «I denne søte juletid» hadde Øystein Moe og Sigrid Bøe i solorollene. Erik Rosenius
og koret tolka kong Olav Tryggvason sine visjonar i «Landkjenning» (også av Grieg).
Solidaritet og nattleg farvel
Med solidaritet og samsong som motiv vart programmet i kyrkja avrunda med Oscar Petersons «Hymn to Freedom» – meir aktuell enn nokon gong.  Og med den gamle kveldssalmen «No kviler skog og lundar» – framført på kyrkjetrappa av damekor og strykarar – tona den 40. Jonsvaka ut i sommarnatta.

Kveldssalmen «No kviler skog og lundar» – frå kyrkjetrappa i sommarnatta. (Foto: Mali Settem)

Publisert: 30. juni 2022, 16:38