Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
Les heile saka
Vêrgudane spela slett ikkje på lag med Surnadal demensforening og helselag da dei arrangerte hjertemarsj i Toåa turstitysdag kveld. Eit kvarter før marsjen starta kom regnet og om litt så sette det i gang med lyn og torevêr utan like – og regnet varte ved heilt til marsjen var ferdig og premieutdelinga var i mål
Les heile saka
I morgon, 1. juni, arrangerer Svinviks arboret «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa.
Les heile saka
I morgon er det den 1. juni, og dermed første sommardag. Også i år vil Frivilligsentralen i Surnadal invitere barn og unge til ulike sommeraktivitetar. Nedanfor finn du ein oversikt over planlagte aktivitetar og lenker for påmelding og meir informasjon:
Les heile saka
Endeleg vart det sol, varme og Kløvertur i godver. Siste måndagen i mai gjekk turen frå Svinvika og oppover Gammelvegen til Kammen; ei riktig så fin turrute.
Les heile saka
Torsdag 2. juni klokka 11:00 går Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Todalen for å gå langs Toåa. Parkering på Bruset. Derifrå går turen oppover langs Toåa til hengebrua i Brusetmarka.
Les heile saka
Tysdag 31. mai står Surnadal demensforening og helselag som arrangør av årets hjertemarsj i Toåa tursti. Vi er litt forsinka i forhold til det nasjonalforeningens tidsrom for hjarteveka, men det har ikkje noko å seie, seier leiar i foreninga Liv Botten. Tysdag kveld er vi klare til å køyre i gang, og da blir det stor aktivitet i turstien, sier Botten
Les heile saka
Det var bra frammøte og stor interesse for framtida til skulebygget i Todalen. Det var Surnadal kommune som inviterte bygdefolket i Todalen til «ide-møte» med tanke på kva som skal skje med skulebygget først og fremst og kanskje seinare også skjebnen til barnehagebygget. Skulen vart som kjent lagt ned etter at skuleåret var slutt i 2021, medan barnehagen vart midlertidig stengt frå same tid. Barnehagen er ikkje nedlagt, og kan søkjast på inntil 2024 og kan bli starta opp igjen dersom det blir nok søkjarar
Les heile saka
Også i år har Surnadal Jeger og Fiskerforening fått invitasjon frå Ellinor Fugelsnes til ein dag med opplæring i laksefiske i Advokaten. Dette skjer laurdag 11. juni frå klokka 14:00 – 20:00. Da stiller Surnadal JFF med instruktørar og utstyr, mat og drikke, og alt dette er gratis for deltakarane.
Les heile saka
Fredag 3. juni, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i pinsehelga.
Les heile saka
Det ha vårre ein kjølin kveld – har ikkje noko meir å sei, sa Henning Sommero da han takka for hyllesten og applausen som vart han til del etter kveldens program. Kvelden starta med hans første komposisjon «Vals til mor» som han komponerte i 15-årsalderen og runda av kvelden med at Henning framførte «Kultursjå». Trygve Brøske og Jostein Ansnes var kveldens konfreransierar og batt sammen kvelden på ein framifrå måte.
Les heile saka