Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det ha vårre ein kjølin kveld!

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mai 2022

Det ha vårre ein kjølin kveld – har ikkje noko meir å sei, sa Henning Sommero da han takka for hyllesten og applausen som vart han til del etter kveldens program.  Kvelden starta med hans første komposisjon «Vals til mor» som han komponerte i 15-årsalderen og runda av kvelden med at Henning framførte «Kultursjå».   Trygve Brøske og Jostein Ansnes var kveldens konfreransierar og batt sammen kvelden på ein framifrå måte. 

Det var ei imponerande samling med aktørar som deltok på kvar sin måte, som gjorde at dette vart ein framifrå hyllest til 70-årsjubilanten, som for ein gong skuld satt i salen og var tilhøyrar. Det var mange som har hatt eit eller anna samarbeid med Sommaro oppgjennom tida, og mange var til stades i kulturhuset for å være med og kaste glans over arrangementet.  I kjent stil var John Pål Inderberg på plass og deltok i fleire nummer gjennom kvelden – slik som han har gjort og som vi har opplevd gjennom alle vårsøghelgar gjennom ei årrekkje.

Tone Søyset Døving framførte «Famntak» saman med Trygve Brøske, Anders Larsen og Jostein Ansnes. Foto Jon Olav Ørsal

Sjølv om programmet strekte seg mot 3 timar vart vi aldri lei – det var stor variasjon gjennom programmet og vi fekk høre både kjente og kjære ting og heilt nytt som dei færreste av oss hadde opplevd før.  Av lokale aktørar kan vi nemne Gøran Bolme som i kjent stil framførte visa «Øraliv» som han hadde skrive sjølv.  Han skøya med at han vart innhyra nærast for å ivareta kravet til artsmangfald som «Øverbøgding». Han sa også at ein etter å ha slutta i 4-årsalderen så begynner folk å kalle ein for grom igjen i 70-årsalderen.  Hedda Moen Gjestad som også er lokal artist framførte Nordmørsminne – ei av det mest kjente Hyldbakktekstane. Elles var det både operasong og mykje instrumental musikk – litt for ein kvar smak.  

Frå avslutningsnummeret, der Henning runda av kvelden med 4 vers frå visa «Kultursjå». Foto Jon Olav Ørsal

Ordførar Margrete Svinvik hadde med gåve til jubilanten – det var eit fond på 25.000 kroner, fordelt over 5 år, som skulle gå til unge utøverar.  Intensjonen er at når 5 år er gått, saå skal vi fylle på igjen, sa Svinvik.  Som eit av dei siste innslaga i «bursdagsprogrammet» framførte Trygve Brøske, Anders Larsen og Jostein Ansnes «Famntak» med Tone Søyset Døving som solist.  Men heilt til slutt måtte altså Henning på scena for å framføre «Kultursjå» .

Bildegalleri frå gjebursdagen til henning i kulturhuset søndag kveld  – alle foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 29. mai 2022, 22:37 - Sist oppdatert: 30. mai 2022, 05:33