Tysdag 10. mai startar Fjellgruppa i Surnandal Pensjonistlag oppatt sesongen etter «vinnterdvalen». Grunna overlag mykje snø i høgda, må Fjellgruppa, inntil vidare, halde seg i låglandet. «Vi trur ein tur til Kvalnesvika gjer seg no i starten», seier Kristian Ranes i Fjellgruppa. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
Les heile saka
I kjølvatnet på korona-pandemien er det stor glede i Byggmakker for at messene går sin gang igjen. Dei siste par åra har aktivitetane vore prega av Teams-møter, som er vel og bra, men det erstattar liksom ikkje alt. Dei første maidagane er alle Byggmakkerane samla på Gardermoen til årets Byggmakker Forum. Det vil seie at tilsette frå butikkane er her som deltakarar, medan Talgø MøreTre og Talgø Bygg er her som utstillarar.
Les heile saka
I perioden 9.-29. mai 2022 når ferjekaiene på sambandet Kvanne-Rykkjem blir ombygd for elektrisk ferje, blir det andre rutetider. Også enkelte bussruter blir påverka av anleggsarbeidet. Arbeidet vil skje på kveld og natt. Det betyr at ferjeavgangane om nettene blir innstilte. Dersom arbeidet med å elektrifisere sambandet blir fullført tidlegare enn planlagd, går ein tilbake til ordinær rutetabell igjen tidlegare enn 29. mai.
Les heile saka
Dei går i 9. klasse og er denne veka på utplassering for å prøve seg litt i yrkeslivet. Det er ei verdifull veke for ungdomane som no skal prøve seg litt i yrkeslivet, for dei står etter kvart framfor val av yrkesretning i skulen og det er jammen ikkje enkelt i dag. Da er det iallfall viktig at vi som er så heldige at vi får slike dyktige og engasjerte ungdomar på besøk, og får være med og vise dei kva vi held på med. Difor har vi etter beste evne prøva å få denne veka så interessant og allsidig som muleg, seier Gudmund Kårvatn ved Kårvatn Fjellutstyr
Les heile saka
I kveld hadde Todalen sokneråd invitert til kyrkjegardsdugnad, for å klargjera kyrkjegarden til ein ny vår- og sommarsesong. Sjølv om vêrgudane ikkje akkurat varta opp med det beste rett før dugnaden, så vart det opphandsvêr under sjølve dugnaden. Knappe femti personar møtte opp for å vere med på dugnaden, så sjølve dugnaden gjekk unna på ein stor time.
Les heile saka
No er vi i full gang med å førebu årets store vårsal, fortel Gudmund Kårvatn hos Kårvatn fjellutstyr. – Mykje fint er på tur inn, og vi treng plass. Difor har vi rydda, og mykje fint blir no tilgjengeleg til gode prisar – opptil 70% rabatt! Torsdag 5. mai kl 10:00 startar vi salet på «butikken på låven
Les heile saka
8. mai markerer Nordmøre Brigadeveteranforening i samarbeid med Nordmøre forsvarsforening frigjeringsdagen/veterandagen. I år vil det bli markeringar ved Russergravene ved Vinje kirke kokka og ved Aure kyrkje.
Les heile saka
Fredag 8. juli har du sjansen til å delta på en natur- og matopplevelse utenom det vanlig. Da arrangerer nemlig Svinvik Gard og Trøndelag Sankeri, der du får bli med ut i naturen og lære deg å finne ville vekstere som er spiselig og nyttige
Les heile saka
Det var ikkje akkurat mildt og fint vårver første kløverturdagen i mai, men regnelingar og sterke vindkast. Turvandrarane måtte halde både på hatten og håret!
Les heile saka
Tysdag 3. mai – og inntil vidare, utgår balldagen på Todalshytta på grunn av sjukdom. Todalshytta vil annonsere ny oppstart igjen, melder Arve Evensen til Todalen.no .
Torsdag 5. mai klokka 11:00, inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur frå Kalkstranda og oppover mot toppen. Stavganggruppa ber deltakarane ta med seg stolar for å sitje på under kaffen etter turen.
Les heile saka
Fredag 6. mai, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst kaffebrød til helgakosen.
Les heile saka