Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag kl 15: – Bokslepp frå Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. november 2021

Historielaget er i rute. Det er lenge sia det vart bestemt at det søndag førstkomande den 14. november er det bokslepp for historielagets årsskrift, som i år er nummer 20 i rekkja. Trur at vi tør å være såpass påståeleg at vi kan seie at dette er det beste årsskriftet «ever».  – Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør, men det har vore fleire skribentar, og den grafiske produksjon er det Rolf Olav Nordvik som har stått for. 

Les heile saka

Todalen I.L. treng hjelp til arkivering

Jon Olav Ørsal Fredag 12. november 2021

Todalen Idrettslag har mykje papir og materiell som har vore teke vare på oppgjennom tida.  Dette «arkivet» har vore meir eller mindre uorganisert, og det har ikkje vore lagt vekt på systematisk arivering eller sortering.  Arkivet har heller ikkje hatt nokon tilgang til fast og varig plassering før no når arkivmaterialet er samla på biblioteket på Surnadal kulturhus. No er det behov for å sortere materialet og finne ut kva som skal takast vare på.  Til dette trengs 2-3 personar som kan gå gjennom og sortere det materialet som er teke vare på.

Les heile saka

Surnadal demensforening og helselag – inviterer til dekorasjonskurs

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. november 2021

Surnadal demensforening og helselag inviterer til dekorasjonskurs på Hageland Surnadal måndag 22. november klokka 18:00 – 21:00. Her blir det lagt opp til ein sosial kveld, samstundes som dekoratørane Toril Kvande og Malin Sveen vil vise korleis ein lagar julekransar og andre dekorasjonar. 

Les heile saka


Nytt påvist smittetilfelle

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. november 2021

Kommuneoverlegen i Surnadal kommune melder i dag føremiddag at kommunen har fått melding om eit påvist tilfelle av koronaviruset. Smittetilfellet gjeld ein eldre fullvaksinert person. Personen er isolert og smittesporing er sett i gang. 

Les heile saka

Laurdag: – Inviterer til strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. november 2021

laurdag inviterer Todalen Sanitetsforening til ny «strikkekaffe»   i Sanitetshuset på Kvennset.  Strikkekaffen startar kl 13 og varer til kl 16, og er siste strikkekaffen før jul. Da bys det på triveleg samvær og utloddning  – og med enkel kaffepause med noko attåt.  Ta gjerne med ein liten gevinst.  –  Og sjølvsaget er alle velkomne – med og utan strikketøy! 


SAMMEN på tur – nyhet i Stikk UT!-familien

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. november 2021

I dag lanserte Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal nyheita Sammen på tur i turappen sin. Stikk UT! Sammen er det nyaste i tilbodet til Frilufstrådet Nordmøre og Romsdal, og noko Friluftsrådet har god tru på skal bli nok ein suksess for Stikk UT! konseptet. 

Les heile saka


Vi er stolte av slekta vår…

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. november 2021

Tysdag var forfattarane Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer  i Kaffekroken for å promotere og selje slektsboka si.  Dei er dotter og mor som vi tidlegare har skrive om her på Todalen.no og som no altså har skrive bok om slekta si – familen som stammar frå Ørsalgeilen og som no praktisk talt er spredd over heile verda. 

Les heile saka

Talgø styrker staben – 3 stillinger lyses ut i dag

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. november 2021

På Talgø er det behov for flere  medarbeidere, og i dag lyses det ut 3 stillingar som skal besettes snarest:  Konseptutvikler, Digital markedsfører og HR/HMS-& miljøansvarlig.  To av stillingene er på Marketingavdelingen, mens den tredje er nyopprettet stilling i morselskapet Talgø Invest – alle med arbeidssted på hovedkontoret i Todalen.

Les heile saka

Impregneringsutstyr – 53 tonn i eit løft

Jon Olav Ørsal Måndag 8. november 2021

I samband med bygginga av det nye impregneringsverket på Talgø MøreTre er vi etter kvart vorte vant med tunge løft for utstyr som har kome sjøvegen til Surnadal Hamn.  Søndag kveld var det «Samskip Kvitnos» som «stakk innom» Surnadal Hamn med det hittil tyngsste enkeltkolli til utbyggingprosjektet.  Da kom nemleg den store autoclaven (trykk-kokaren) som var på heile 53 tonn.

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. november 2021

Fredag 12. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød. 

Les heile saka