I går vart det montert ny elektronisk dørlås på ytterdøra ved Hett & Svett. Samtidig vart det delt ut elektroniske kodebrikkar til dei medlemmene, over 16 år, som møtte opp ved Hett & Svett. Frå etter helga, må ein ha kodebrikke for å kunne nytte treningstilbodet ved Hett & Svett. Todalen Idrettslag ventar på ny forsyning med kodebrikkar, slik at alle medlemmer, over 16 år, og som ønsker det, kan få slike.
Les heile saka
I kveld gjekk ein stor gjeng frå Taekwon-Do leiren i Surnadal til Storhaugen for å få litt avveksling og som eit slags trivselstiltak. Frå Kjell Gunnar Polden har vi fått eit flott samlebilde av gruppa på toppen av Storhaugen
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen med rundtur i Bæverdalen tysdag 9. august. Turen går opp frå Saga til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra, og ned att til Saga
Les heile saka
Tysdag 2. august blir det montert elektronisk dørlås på Hett & Svett. Dette inneber at ein, frå og med torsdag 4. august, må ha kodebrikke for å kunne trene på Hett & Svett. Alle medlemmer i Todalen Idrettslag, over 16 år, og som ønsker å nytte seg av treningstilbodet på Hett & Svett, må difor ordne seg med kodebrikke.
Les heile saka
Veke 31 står i kunstens teikn i Surnadal. Da står kunsten nemleg i sentrum i Surnadal. I tillegg til lokale kunstnarar, så kjem desse kunstnarane til Surnadal; Jeremy Welsh, Anne Karin Furnunes, Hilde Tørdal, Bård Tørdal, Tine Aamodt, Ingunn Brevold, Anna Carin Hedberg, Ebba Moi, Annika Simonsson, Lars Erik Svensson, Cecilie Nissen og Alexander Rishaug.
Les heile saka
Tidlegare i sommar hadde vi ei sak med kampsportutøvaren Magnus Holde-Bygvraa frå Danmark, som ladda opp til EM i karate på Todalshytta. Avtalen da vi skilte lag var at han skulle sende oss bilder og info, dersom han gikk til topps. Han ladda opp med laksefiske i Toåa, og tok faktisk ein fin laks under opphaldet på Todalshytta.
Les heile saka
Siri Skjerve frå Todalen er årets festivalkunstnar for Stangvikfestivalen, og fredag kveld kl 20.30 opnar utstillinga i Galleriet i Bondehuset i Stangvik. Eg er veldig glad for at eg fekk denne sjansen til min første separatutstilling på «heimebane», seier Siri, som legg til at ho her får markert seg både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Les heile saka
Eit fullsett Todalen ungdomshus tok godt i mot Operapuben frå Stangvikfestivalen torsdag kveld. Ein kan vel seie at Stangvikfestivalen tjuvstarta årets arrangement i Bøfjorden i går kveld, og at det nærast var ein form for tjuvstart også i Todalen torsdag kveld. Festivalens første arrangement i Stangvika er PUB med noko 6263 attåt, seinare torsdag kveld. Kveldens pub i ungdomshuset opna dørene kl 18, og Todalen Idrettslag sørga for servering før konserten starta kl 19.
Les heile saka
Etter fleire dagar med mykje nedbør er vassføringa no på tur ned igjen i Toåa. Torsdag var vassføringa over 32 m3/sek ved NVEs målestasjon, men var i går kl 17 kome ned på 20-talen – og har fortsett å gå ned etter siste måling som var onsdag kl 17. Den siste veka er det teke eit 10-tals laksar i Toåa, medan ein no ventar at det blir bra aktivitet i elva i dagane framover
Les heile saka
Kommende torsdag inviterer Todalshytta til ny balldag! Det serveres ball frå kl 15:00 til 18:00 – eller så langt beholdninger rekker. Og som vanlig er det fritt valg mellom potetball og sildball!
Les heile saka
Natt til 17. januar herja stormen med hengebrua ved Heggøyan, slik at brua har vore stengt heilt til no – i påvente av at reparasjonsarbeid skulle utførast. Det har vore litt att og fram om kva som skulle gjerast, men i dag var det Per E. Gjeldnes Maskin og Gunnar Nordvik som hadde reparert brufesta og stramma kablane, slik at brua igjen kunne tas i bruk.
Les heile saka
Onsdag 27. juli startar Stangvikfestivalen 2022. Da er det nemleg utandørskonsert på Hagaberget i Bøfjorden klokka 19:00. Konserten har dei kalla «Fjordblikk». Torsdag fotsett festivalen med «Operapub i Todalen frå klokka 18:00 og pub i Bondehuset frå klokka 22:00.
Les heile saka