Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Les heile sakaTodalen historielag – «bokslepp» søndag 20. november
Søndag 20. november klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til «bokslepp» i Todalen ungdomshus. Her vil historielaget sitt rykande ferske årsskrift for 2022, bli presentert. Det blir også utstilling av måleri måla av Olav Halse, yngre bror av Leif Halse, og sjølvsagt kaffe og bakels!
Les heile sakaVal 2023: – Ranes og Røv blir listetoppar
Neste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar. Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag. Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.
Les heile sakaSiste frist for å melde seg på julebordet nærmar seg
Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag minner om at dei inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert!
Les heile sakaInformasjonsfilm om «Inn på tunet»
Todalen sanitetsforening har, som vi tidlegare har skrive om, søkt om, og fått tildelt totalt 600 000 kroner frå Damstiftelsen til prosjektet «Inn på tunet». Dette er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med demens og kognitiv svikt. Todalen sanitetsforening samarbeider med Jostua på Bele og Oppistua på Øye om tilbodet
Les heile sakaHar du ledig husrom til flyktningar?
Det spørsmålet stiller Surnadal kommune. Bakgrunnen er at kommunen no tek imot personar som er tvinga på flukt frå krig og uro i heimlandet sitt rundt om i verda, men spesielt frå Ukraina.
Les heile sakaVangsgutane forlengst på plass i butikken
Vangsgutane for 2022 er forlengst komne på plass i butikkane. Årets hefte har 36 sider med artige forteljinger med lokalt tilsnitt – handlinga i Vangsgutane har framleis si handling i Todalen og som vanleg finn Steinar, Kåre og Larris på nokre sprell. I år hanlar den nye delen om romfartseventyret på Vangen. I den nye delen er det Kjartan Helleve som fortel og Ivan Andreassen som teiknar.
Les heile sakaInviterer til medlemsmøte
Styret i Surnadal Arbeiderparti inviterer alle medlemmer til medlemsmøte tysdag 22. november i kommunestyresalen på kommunehuset klokka 19:00 – 21:00.
Les heile sakaTrimgruppas Julekalender 2022 oppdatert
I år satsar Trimgruppa på ein ny og kreativ vri med å lage eein eigen og lokal variant med julekalender, og da er det sjølvsagt gevinstar av den lokale og kortreiste typen. Det kan være lokalprodusert handtverk, mat, bakst eller kunst – og sjølvsagt mukje anna rart som skal gjera det spennande å «opne luka» […]
Les heile sakaFredrikkekaffe med godt oppmøte – kløvertur i godt ver!
Sanitetsforeininga i Todalen legg til rette for mange gode møteplassar i bygda – det er kjekt og viktig! Både strikkekaffe og kløvertur er lågterskeltilbod og er opne for alle.
Les heile sakaTelia-boxen blir oppgradert i natt
I ei pressemelding frå Svorka no i kveld, blir vi informert om at det natt til tysdag 15. november, altså natt til i morgon, vil Telia-boxen, via fibernettet, bli oppgradert til Android 11. Dersom Telia-boxen din er kopla til straum og internett, vil den motta oppdateringa automatisk. Er den uten straum og internett, vil den motta oppdateringa først når den blir kopla til.
Les heile sakaBli med på trim i Trudvang
Torsdag 17. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka