Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pussar opp rundt Storfossen og Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. juni 2023

No har området ved Storfossen og Gammelfabrikken fått ein liten «facelift», og det gjorde jammen mon.  Som alle andre plassar så har det etter kvart grodd opp ein del krattskog, og det har Talgø gjort noko med.  Rundt Storfossen er krattskogen borte, og det løfta fram fossen som no er eit prektig skue med vårløysing og stor vassføring.

Gunnar og Hallvard Rudson Nordvik er klare for plensåing. Jon Olav Ørsal

Det foregår også opprydding og i området ved Gammelfabrikken så skal det bli betre organisering av parkeringplassar og det skal bli pynta opp med meir plen i tilknyting til dei blomsterbeda som alt er etablert.  Alt det blir gjort med tanke på bruken av Gammelfabrikken som marknadsføringsarena for Talgøselskapa.

Arne Gjeldnes med gravemaskina – foto Jon Olav Ørsal

Måndag morgon var det fint lys i Storfossen – her kjem eit lite bildegalleri frå besøket i fossen – alle bilde Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. juni 2023, 10:00