Vi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg. To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke. Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5. Vi lar oss imponere av det.
Les heile saka
Med 57 deltakarar på startstreken i dagens individuell så er dette ein solid rekord for Skimo Kårvatn 2023, som samtidig var NM i randonee for 2023. I dag var det ingen som kunne tukte Kilian Jornet Burgada – spanjol som går for Måndalen, som kom i mål på tida 1:18:47 som hadde Hans-Inge Klette hakk i hel, men 45 sekund etter. På tredjeplass Trym Dalset Lødøen, 1 sekund etter. Men norgesmester var Klette, med Lødøen på andre og Jonas Petter Engdal på tredje. I klassen menn U20 vart Erik Kårvatn best på tida 1:25:49 og dermed vart han norgesmester på heimebane
Les heile saka
I statsbudsjettet for 2023 fjerna regjeringa momsfritaket for elektroniske nyheitstenester frå 1. januar. Det betyr at prisen på TV-pakkane frå dei ulike leverandørane aukar litt. For dei med TV-pakkar frå Svorka, aukar prisen på TV-pakkane med 22 kroner frå 1. februar. Dette melder Svorka på sine heimesider.
Les heile saka
Da påmeldingsfristen gikk ut var det rundt 60 påmeldte, og det ligg an til å bli det sterkaste startfeltet som nokon gong har vore på norsk jord, seier Gudmund Kårvatn. Han er ein av randonee-gründerane og har stått bak konkurransane i Dalalia på 11. året. Han fortel at det er deltakarar frå Tromsø i nord, til Italia i sør – tilsaman er det 8 nasjonalitetar som stiller på startstreken laurdag – av dei sterkaste korta er nok spanjolen Kilian Jornet Burgada og kona Emilie Forsberg som stiller til start.
Les heile saka
Tre veker før premieren, er dei to konsertane med «Surnadals Hyllest til Pink Floyd», der todalingen Ingebrigt K. Bergli er ein av koristane, er allereie så godt som utselde. Det er difor allereie no sett opp ein ekstra konsert laurdag den 25. februar.
Les heile saka
Onsdag 8. februar klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til filmen Diktatoren av Charlie Chaplin på Surnadal Kino. Elles er kinoprogrammet dominert av Spielberg, Munch og premiere på barnefilmen «Mumiar på eventyr».
Les heile saka
Styret i Surnadal kunstforening kallar inn til årsmøte onsdag 22. februar klokka 19:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Onsdag 1. mars klokka 11:00 – 13:00 inviterer Vindel og Surnadal kommune til «Etablerarlunsj» på Surnadal kommunehus. Så har du ein gründerdraum? Treng du hjelp til å komme i gang med bedrifta di? Lurar du på kva midlar og tenester det er mogleg å søke for bedriftsutvikling? Da er dette rette plassen den 1. mars!
Les heile saka
Det er kjempefine forhold i Dalaia etter det siste snøfallet. I dag har det delvis vore blå himmel og sol, og Gudmund Kårvatn har vore oppå lia på inspeksjonsrunde for å sjekke forholda med tanke på helgas randonee-NM. Han rapporterer om kjempefine forhold nedover Dalalia – faktisk er det sjelden det er så fine forhold ned lia som no, seier han. I dag har Jan Hafsås vore oppe med fly, og vi kan vise ferske bilder frå området rundt Tydalsnebba – og det ser lovende ut.
Les heile saka
Torsdag 2. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn), viser at det 31.12.2022 var 293 todalingar, ein nedgang på 1 i forhold til tala 31.12.2021. Det var ved årsskiftet 140 kvinner og 153 menn busett i Todalen. Gjennomsnittsalderen var ved årsskiftet 2022/23 47,1 år, akkurat det same som ved årsskiftet 2021/22. Det er Todalen bøgdalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.
Les heile saka
I kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa.
Les heile saka