Nordmøre Forsvarsforening, som fram til i fjor heitte Indre Nordmøre Forsvarsforening fylte 40 år i 2022. Jubileet vart ikkje feira i fjor, men vil i staden bli markert under foreininga sitt årsmøtet i år.
Les heile saka
Nordmøre Forsvarsforening, som fram til i fjor heitte Indre Nordmøre Forsvarsforening fylte 40 år i 2022. Jubileet vart ikkje feira i fjor, men vil i staden bli markert under foreininga sitt årsmøtet i år.
Les heile sakaI eit presseskriv frå Vårsøghelga, får vi presentert programmet for Vårsøghelga 2023, som går føre seg i Surnadal frå torsdag 25. mai til og med søndag 28. mai. Det er tydeleg at arrangørane i år har satsa på kvalitet, for her finn vi artistar som Marius Djupvik, Elisabeth Andreasson, Ole Edvard Antonsen, Roar Engelberg og Erling With Aasgård med fleire. I tillegg vil det vere mange forskjellege arrangement i tilknyting til Vårsøghelga.
Les heile sakaTorsdag 23. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaIdrettslaget Søya minner om sitt årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen i kveld klokka 19:30. På saklista står vanlege årsmøtesaker som Årsmeldingar, Rekneskap, Budsjett og val.
Les heile sakaTodalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 26. februar klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe er organist. Takkoffer, via Vipps 506908, til Kyrkjelydsarbeidet.
Les heile sakaVeka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.
Les heile sakaSøndag ettermiddag samla Todalen historielag sine tropper til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Hovudaktiviteten var å arrangere bildekviss med historisk tilsnitt, men det var sjølsagt bakels & graut og andre godsaker til ettermiddagskaffen – og loddsal for å finansiere det heile. Arrangementet samla eit stort trettital med historieinteresserte, og det var historielaget leiar John Moe god nøgd med.
Les heile sakaTodalen Idrettslag melder i kveld at tredemølla og romaskina fungerer som dei skal, etter å ha blitt reparert i dag. På tredemølla er det no skifta band og på romaskina er det motstandsmotoren som er skifta.
Les heile sakaI dag var det full trøkk i Surnadal Alpinsenter, med konskurranse for både store og småe. Dyktige skirennarar hadde startnummer på brystet, og kjempa om pokalar og medaljer i løypene. Dag Skei satt «til rors» i anlegget i dag, og han kunne fortelje at det nok blir ekstra aktivitet i alpinbakken neste veke, når det er vinterferie og alpinanlegget er ope kvar dag frå kl 11 til kl 16.
Les heile sakaI mai fyller SpareBank 1 SMN 200 år. Dette feirar dei, mellom anna, med å sette av ti millionar kroner til ei eiga støtteordning retta mot barn og unge, som av ein eller annan grunn fell utanfor dei organiserte aktivitetane. – Målet er å bidra til mindre utenforskap, seier banksjef Berit Skralthaug. Jubileet vil sjølvsagt bli markert på andre måtar i løpet av våren, kan banksjefen fortelje
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 20. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaFra sin egen stue på Lykkjeeidet i Surnadal syklet Håvard Gjeldnes inn til en overbevisende 6. plass i verdensmesterskapet i E-sykling som gikk av stabelen lørdag kveld. Som eneste nordmann kvalifiserte Gjeldnes seg til finalen, og endte på slutt på 7. plass. Totalt deltok 84 utøvere i sykkelrittet. Fire av disse var fra Norge. Det var Driva.no som først skreiv om saken.